- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

strøm saag raadvill fraa den eine til den andre; der var
ei Dirring um Munnvikine til Fru Holmsen, som spaadde
so ymist, totte han. Ja men så säj det då, snotta Kari,
tagg han. Kari gjorde seg bljug og apa og skapa seg;
so rette ho fram Handi. Det er Gamle-Kari, veit eg!
sagde ho med sitt Mannfolkmaal. So smellte dei i aa
læ; han vart sitjande der baade flat og skjemd; trøysta
seg med aa drikke. Stundom vart han vond; daa skifte
han liksom Ham og vart eit anna Menneskje. Det lange
blide Andlite rengdest; Munnen trutna og vart tjukk,
Brunine drog seg ihop, og Augo vart smaae og
forgiftige. So reiste han seg, slog i Borde og tok til aa banne:
ta mej fan! ta mej tusan! Satans {runtimmer, som
gjekk her og hugsnikte og heldt ein skikkeleg Mann for
Narr! Han takka sin skapare, at han var for god til
slikt; tvi fan; adjø! — treiv so Hatten og gjekk,
smellande med Døri so Huse riste.

Men han kom alltid att.

Dersom han endaa hadde havt noko aa gifte seg paa!
tenkte Fru Holmsen. Hadde han vori rik, so han kunde
ha forsyrgt Borni hennar! Det fekk ha vori det same
med alt daa, baade det at han var Bokbindar og det at
han var ein Tosk; her var ikkje Tidir til aa vera stor paa
det. Men han aatte nok inginting. Gjekk her som ein
Gutunge og vilde gifte seg paa kärlek ... haa, haa, häa! —
Fru Holmsen lo med den store Laatten til Gamle-Kari. —

— Til «Fru Holmsens Sy-Etablissement» hadde det
meldt seg ei Gjente. Det var eit Bondemenneskje, som
«berre skulde lære lite til Landsens Bruk». Med Helsa
gjekk det au smaatt. Og ein Dag vart Fru Holmsen
liggjande.

Ho laag i mange Vikur og var reint klen. Doktaren
trudde ei Stund at det var Dauden. Ho er klar ho, sagde
Doktaren.

4 — Garborg II.

49

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free