- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
50

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daa tok dei gamle Kjenningane seg paa Tak endaa ein
Gong; dei totte Fredheimsdronningi var for ung til aa
døy enno. Det vart funni Husrom aat henne ned-i Byen;
Fru Mühlenberg sende Jomfru Thorsen til aa passe
henne; det vart gjort Utveg til god Sjukekost;
Apotekaren gav fri Medisin; tilmed Doktaren var stortenkt; fraa
Bokbindar Lundstrøm kom det Blomar og Vin; Presten
Pukstad sende gudelege Smaabøkar. Sakførar Lehmann
tok Fanny, so Fru Holmsen fekk Fred og Ro. Og daa det
leid paa, kunde Doktaren fortelja, at Krisis var
yvi-stadin.

Fru Holmsen laag og kom seg og sterkna og tenkte
paa, at det kunde vera godt aa bu paa Bondelande ög
stundom; Folk hadde visst aldri vori so snilde mot henne
i ein stor By.

Det vart samla Pengar til henne; for dei Pengane vart
det kaupt full Bunad av Seng- og Gangklæde og dertil
ein stor, gild Symaskin. Daa det vart Vaar og mildt,
skif-test Fru Storm paa Fredheim og Fru Wiig paa Vik um
aa køyre Turar med henne; det kom ho seg svært av.
Ho kunde sistpaa fortelja Doktaren, at ho aldri hadde
kjent seg so frisk som no.

Ho gav seg i Ferd med Kjolesaumen sin;
«Sy-Eta-blissemente» gjekk i Gløyme. Dei Kjolane ho sauma fekk
eit godt Ord; maatte ho so sant hava Helsa, so trudde
ho det skulde greide seg. Med Kniping og Sparing fekk
ho sjaa. aa leggje seg upp eit Grand; berre ho hadde
noko i Bakhandi til dei laake Tidine, so kunde ho taka
Borni heim naar som helst, trudde ho.

Fanny vart send rundt til Vénir og Kjendsfolk i By og
paa Land so mykje som Raad var; ein spara noko med
det ög. Hjaa Storm paa Fredheim var ho ofte; der fekk
ho Eggjevaflar og Rjome og vart sett til aa gjæte
Gaas-ungane. Det var ein Stegg som var so leid; han vilde

50

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free