- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
51

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eta upp Ungane sine; Fanny skulde verja dei smaa mot
denne hjartelause Far sin. Ho sanka dei forskræmde
Kjuklingane uppi Forklæde sitt og sette seg paa
Staburs-troppi og byssa deim. Der sat ho og byssa og vogga til
dess ho sovna sjølv, med heile det vesle kravlande,
pipande Reire i Fange.

V.

Det hadde teki til aa sumrast, med Sol i Husveggjom
og diger, gild Gullboste frametter Vegkantane og millom
Gatesteinane i den vesle stille Byen; Fanny og Frits
gjekk «Landturar».

Dei kunde kje koma lenger enn til næraste Garden, av
di det var ein Hund der som gøydde so fælt. Trygt var
det ikkje i andre Maatar heller; og um Frits var ein
modig Maur, helst naar Fanny saag han, var det best aa
agte seg baade for Kyr og Hestar. Men naar Soli skein
og Himilen var blaa, var alle Faarar gløymde;
Sümar-Lettlynde tok deim; dei labba i Veg.

Det var fint utanfor Byen, opi og ljost og fritt og
vidt. Blaablenkjande og breidfløymd rulla Elvi ut
gje-nom alle Bygdelag heilt dit der Himilen og Fjellrandi
gjekk saman. Paa Aasane ovan Byen og ned-yvi
frametter Elvi stod tunnhoggin Naaleskog i fine Blaalitir;
men der kunde ingin gaa; Gamle-Kari hadde sagt at der
var Røvarar. Likevel var kje han Far rædd for clcl g ei cl
der, fortalde Frits; men han var no so sterk, han; det
vaaga seg ingin i Kast med han Far, um det so var den
villaste Røvaren i Verdi.

Rett utanfor Byen vidka Elvi seg ut og vart til ein
«Fjord»; der rodde Folk med Baatar. Millom Baatane
baska eit lite Eimskip seg fram, og lagde ei Sky av
Røyk etter seg i Lufti. Med slikt eit Skip kunde ein fara
Verdi rundt, hadde han Far sagt; men det maatte kje

51

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free