- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
54

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mjølk; dei andre Tenestfolki au lika henne. Ho sat paa
Fange aat Gutane og var Kjærasten deira; ho song
Vi-sur og preika og lagde ut, og dei lo. Morosame Ting fekk
ho lære og; der var Sogur aa høyre, og Eventyr, som ho
ikkje hadde høyrt Maken til i si Tid. Det var Gaman aa
lære henne noko av kvart Slag, totte dei i Drengjestogo;
ho var so lita og truskyldig, og tok uppatt so hugheilt
endaa dei drjugaste Ting, at ein kunde læ seg forderva.
Det var ein gamall Husmann som murra um, at det ikkje
var verdt aa lære den vene Gjenta slikt; men honom
berre lo dei aat. «Du trur daa vel ikkje det lel, Hans, at
Ungen skynar slikt?»

Budeigja var den gildaste til aa fortelja. Ho kunde
Eventyr um Trolli og Oskefot; like eins fortalde ho um
Reven og Bjørnen, og det raaka at Karane fekk henne
til aa fortelja um Tullingen som skulde av og gifte seg.
Det var au ei løgleg Rispe. Guten var so styvin at Gjenta
ikkje vilde ha han; so fekk ho vendt og laga det so, at
i Staden for Bruri fekk han ei stor lang-raggut Geit
uppi Sengi aat seg um Kvelden; daa lo Karane godt.

Ein morgon daa dei sat ved Aabiten, tala Proprietær
Wiig aalvorsamt til Smaagjentune og sagde at dei ikkje
maatte gaa i Drengjestogo. Dei hadde ikkje noko der aa
gjera, lét han um. Eg berre fylgde Fanny, eg, sagde
Gina; ja men det visste du at du ikkje skulde gjera,
svara Proprietæren. Fanny sat og glodde og undrast.
Kva skulde det vera for, tru, at dei ikkje maatte gaa i
Drengjestogo? Frua saag allvorsam ut, ho ög. Gina,
som var eit Aars Tid eldre enn Fanny, sat og tagde og
saag svært lydig ut.

Smaagjentune leika med Dokkune sine den Dagen, og
med Kvelpane, og var ikkje ute hjaa Folki. Kvifor maa
me ikkje vera i Drengjestogo? spurde Fanny. — Nei;
Far og Mor vil kje at eg skal gaa dit, svara Gina.

54

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free