Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
handle med Skog; alle Skoghandlarar vart rike no for
Tidi. Ein kom ingin Veg med aa sitja og sy. Ein halv
Dalar eller tri Mark for ein Kjole, kva skulde vel det
bli! Og finare Kjolar tok Folk helst fraa Kristiania.
Nei! at ho kunde ha innbilt seg at ho sjølv kunde
forsyrgje Borni. Det vart nok ikkje til Fanny dessmeir!
Det var fælt so mykje den Ungen turvte. Klæde og
Skor flaug ho av seg so snøgt som ho fekk deim; og
naar ho um eit Aars Tid kom so langt at ho maatte i
Skulen, — kor det daa skulde gaa, det maatte Gud vita.
Ein kunde daa ikkje forsvara aa sende Barne i
Aal-mugeskulen likevel!
Umfram alt hadde Fru Holmsen Skuldine sine aa
tenkje paa. Noko her og noko der; det vart mykje naar
det vart ihoplagt. Denne stygge Mikkel paa Troppi
maatte ho no i alle Fall sjaa aa bli kvitt. Han var so
ulidande i seinare Tid, at det vart reint Uraad; etter
den Gongen i Joli, daa ho var inne hjaa han og
god-rødde med han um aa faa Mat aat Borni, trudde han
vel at Fatigdomen hadde gjort henne spak ... Fy! Nei;
daa tok ho heller Borni og gjekk paa Sjøen. Slikt eit
Ufygle som han, halt og skral, med Kone og vaksne
Born ... ein skulde aldri ha høyrt slikt!
Herre Gud, den som visste eit skikkelegt, rimelegt
Menneskje som hadde Raad og Hjartelag, og som ein
kunde faa til aa hava ein Tanke for desse stakkars
Borni! Ho leita millom Kjenningane sine, men fann
ingin som det kunde nytte med. Beda nokon av deim
um Hjelp beintfram var ho ikkje god til; og so hadde
dei no havt Bry av henne fyrr og. Denne nye
Kjenningen fraa i Kveld, Solum, han kunde ha vori noko aa
tenkje paa kannhende; han var rik og barnekjær og
visst ein Fagnamann i alle Maatar; men kva hjelpte
det, naar ein ikkje var kjend med han ...
60
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>