- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
64

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fekk Fanny hava Friplassen sin hjaa Fru Kahrs, so
var ein berga for Aalmugeskulen og turvte kje bry
nokon for den Skuld; det vart ein stor Otte mindre. Og
det var ikkje rimelegt at Fanny vart vist burt att, naar
ho ein Gong var innkomi. Krulltoppen hadde noko ved
seg som gjorde, at Folk vart glade i ho; det vilde koma
henne til Nyttes no og, tenkte Fru Holmsen.

Eit Lyte hadde Skulen til Fru Kahrs: han var ikkje
fullfin. Fyrst og fremst hadde Fru Kahrs Presten imot
seg.

Pastor Pukstad hadde ei Mistru som han ikkje kunde
koma ifraa; han var rædd at Fru Kahrs, liksom fyrr
Mannen hennar, hadde eit Drag mot
Grundtvigianismen. Det vilde vera ille, meinte Presten, um eit
Livssyn som var so lite heilsamt skulde faa Magt i
Kristiansborg; og so arbeidde han mot Fru Kahrs so godt
som han kunde. Men berre stilt, daa han dessverre ikkje
hadde noko visst aa halde seg til. Og han vilde paa
in-gin Maate. ikkje for Guds Rike si Skuld dessmeir, vike
av fraa den strenge Sanning. Han berre drog paa det,
naar han tala um henne, so dei eldste i Soknelage kunde
bli orvakne; og dei eldste i Soknelage vart orvakne.
Det vart heller aalment aa draga paa det, naar ein tala
um Fru Kahrs. Likevel berga ho Skulen sin uppe; men
det kom av, at der ikkje var nokon annan slik Skule paa
Kristiansborg.

Fru Holmsen var leid for at Skulen ikkje var heilt ut
godkjend. Men den som ikkje kunde faa det beste fekk
vera glad med det næstbeste; Skulen til Fru Kahrs var
daa mykje betre enn Aalmugeskulen, der dei simple
hadde sine Born. Og ho gjekk paa Helsing til fru
Kahrs og takka fint for at Fanny fekk gaa hjaa
ho; dermed vart det liksom tryggare, totte ho, og meir
avgjort.

64

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free