- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
70

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og kysste henne. Og so skal du ikkje sy, men berre sitja
og ha det hyggjelegt, heldt Fanny fram. Takk, Tuppa
mi; du er snild mot Mor lel, du. Skal du kje kysse Mor
di naa? Fanny tok Mor si um Halsen og gav henne
ein Smellkyss; det vart Gamle-Kari for drjugt. Tvi!
sa ho; no maatte eg sputte! —

Utetter Vaaren tok Jomfru Thorsen til aa vanke i
Huse; ho hadde sett seg til med ein liten
Finmat-Handel og hadde gode Stundir. Jomfru Thorsen hadde i
Fredheimstidi vori Stogugjente hjaa Fru Holmsen; so
vart det dei gamle Fredheimssogune som no kom upp
att. Jomfru Thorsen var framifraa kjend i desse Ting;
ho hadde endaa sjølv vori ettersett av Holmsen.

«Ja den Skarven!» tok ho uppatt og uppatt paa sitt
Vestlandsmaal; «er det kje rart at slike Folk ög skal
faa Lov aa vera til!» — Ho hadde slik ein underleg
Maate aa segja r paa; det høyrdest som Rikting i nye
Sko, totte Fanny.

Dei rødde ofte um Borni. Og Mor sagde so mang ein
Gong, at dersom ho berre hadde kunna berge deim, so
skulde ho ikkje ha brytt seg noko um, at hennar eigi
Liv var øydelagt. Og no kunde eg ha fengi Borni heim,
sagde ho. Han Nils, Bror min i Kristiania,
Handels-læraren, baud meg Hjelp no; han kjenner noko til den
Jomfru Aaberg, ser De; men meiner De ikkje den
Skamløysa ende ut negtar aa gjeva Borni fraa seg? Ho
vil vera Mor for deim, segjer ho ... og so lengi Far
deira er fornøgd, so hev ikkje eg noko aa segja! Plent
som eg skulde vera eit framandt Menneskje. Det er
greidt at det er han som stend attum. Aa, berre ikkje
Gud ein Gong læt han faa Like for alt det vonde, han
hev gjort meg!

Etterkvart vart det likevel som Borni vart meir
gløymde. Lea tok til aa skrive Brev heim; og etter

70

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free