- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
71

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

desse Brevi saag det ut som alt gjekk godt paa
Elme-rud. —

— Ein fin Morgon vakna Fanny og var aaleine i den
store Sengi. Og det var ikkje ho Mor, men Gamle-Kari,
som satt burtmed Borde og drakk Kaffi.

Er du vaki no daa, Svi velsvansen ? spurde Gamla. Eg
er kje nokon Svivelsvans for deg, eg, du! lagde Fanny
imot. Kor er ho Mor helst? — Ho Mor er reist burt.

— Kor er ho reist av daa? — Naa; hugsar du kje det
no lenger, Lurvehetta; ho skulde ut paa Lande til
Lensmann Berg og sy ein Kjole, veit eg. — No lyg du, Kari!

— Aa, dei Ungane; no hev ho gløymt det. Jau daa; ho
skulde til Lensmann Berg og sy ein Kjole. — Kor helst
er Lensmann Berg daa? — Aa han bur so ei fem-seks
Mil herifraa; kva skil det deg? Upp no, so skal me sjaa
til aa faa paa oss Klædi. — Nei! du skal segja meg
naar ho Mor kjem att, du, — Kari Trestakk! — Ho
kjem, naar Kjolen er ferdug; i Morgo eller i Overmorgo
eller ein annan Gong; kann ikkje det vera det same,
naar du hev meg? Du skal kje lide nokor Naud,
Buste-lurva! — Reiste ho Mor aaleine heile den lange Vegen
daa, Gamle-Kari? — Eg tenkjer det var einkvar som
skjussa ho, eg! — Kven var det som skjussa ho daa?

— Det kann vel kje eg vita. — Kvi reiste ho so tidleg
daa, du? — For di at du skulde faa noko aa spyr ja um,
Trollungen! Saah, kom no, Mor; so skal me faa paa oss.

Men Fanny vilde klæde paa seg sjølv. Ho gjekk og
vasa og vabba til langt paa Dag; spurde etter Mor og
leita etter Plaggi sine; det som Gamle-Kari fann fram
var ikkje det rette; ho kunde ikkje faa det paa seg.
Kari freista sistpaa med Magt; men Fanny var for
sterk, so Gamle-Kari maatte gjeva seg. Fanny kom
ikkje paa Skulen den Dagen.

Ho Mor vart burteverande lengi. Ikkje fyrr fjorde

71

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free