Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
fritt der, som Gina sagde; so flutte dei dit med sine
Dokkur og Leikar og stelte seg tilrettes som for ei
Langvist. Paa Treve fekk dei sitt Tilhyggje og si faste
Borg; dei gjekk og tusla i Halvmyrkre der uppe liksom
Mysar som hev gøymt seg for Katten.
Utanfor Lofte vart det berre meir og meir keidsamt,
totte dei.
Allvisst saag det vonlaust ut med Skulen; for kvar
Gong dei flutte upp i ei ny Klasse vart Leksune fleire
og Tilsyne strengare. Kvi tru ein skulde lære so mange
keidsame Ting? Fanny kunde ikkje forstaa det.
Jau, me maa lære det; for alle Damur lærer det,
sagde Gina; — for elles var me berre som dei simple
som gjeng paa Aalmugeskulen, sagde Ebba; — ja det
veit eg nok, sagde Fanny. Men det var like keidsamt
for det.
Fanny lærde mest aldri Leksune sine heime. Ho var
kje god til aa sitja still so lengi; berre ho kunde koma
seg laus fraa Mor si paa eikor Vis, lét ho Bøkane liggje
og sprang. Ho berga seg med aa lesa i Fristundine
eller ho fuska; det hende at ho maatte sitja etter og;
helst i Frøken Malthe sine Geografitimar.
Denne Frøken Malthe kunde Fanny ikkje med; og ein
Gong hende det noko som gjorde deim reint til Uvénir.
Det var ein Dag Fanny maatte sitja etter. Daa
Skule-tidi var ute, læste Frøken Malthe Døri og gjekk heim til
Middags. Og so vart Fanny gløymd. Ho sat og sturde
i det stengde Klasserome Time etter Time; Svolten kom
og Myrkre kom; men den som ikkje kom var Frøkni.
Daa var det Fru Kahrs; ho budde ovanpaa og fekk
høyre at det grét ned-i Skulestogo; so kom ho og hjelpte
Fanny ut; men daa var Fanny mest fraa seg av Otte
og Fælske.
Dagen etter fekk Frøken Malthe Skrubb, so Fanny
75
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>