- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

taka Boki fraa deim og sjaa kor det daa gjekk; det
kunde nok Fanny hava Moro av aa vita. Daa vart dei
kanskje ikkje stort klokare enn me, daa?

Stundom kom dei med Ting som tottest Fanny lite
sætande. Som naar Frøken Malthe vilde hava deim til
aa tru at Jordi var rund som ein Ball; aa, so snar som
ho maatte vera til aa tru, den Frøken Malthe! Ein heil
Time stod ho og preika um, at Jordi var rund; det
kunde me sjaa av det og det, sagde ho; men det vart
berre noko Tull; Fanny trudde kje eit Ord av det.
Frøken Strandbo var ikkje heller til aa lite paa alltid. Kor
kunde ho vita kven som hadde vori Konge i Norig for
800 Aar sidan, og kva han hadde gjort og sagt?

Jau du kann daa vita at ho veit det, sagde Ebba. Ja,
du kann daa vel skyna at ho veit det, sagde Gina; trur
du Fru Kahrs vilde hava nokon til Lærar paa Skulen sin
som ikkje visste det? — Nei det trudde ikkje Fanny.
Men det var ikkje sagt at Fru Kahrs visste kor styvne
desse Frøknine i Røyndi var. Nei det var sant, sagde
Ebba. — Ja, men ho hev vel spurt deim ut fyrst, kor
mykje dei visste, meinte Gina. — Ja det kann du vel
vita ho hev! sagde Ebba. Ja det var greidt at ho det
hadde; men likevel —; med seg sjølv hadde Fanny
svært lite Tru til desse Frøknine.

Naar dei tri Vénine i Lag med Dokkune sine leika
Skule uppe paa Høytreve, var det Frøknine det gjekk
ut yvi jamt. Ebba eller Gina var for det meste Frøken
Malthe; Fanny, som vaks hardt no og var lang og bleik
med skarpe Munn-Linur, letst vera Fru Kahrs. Det
slutta med, at Frøkni, naar ho hadde vavra ei Stund og
vori leid mot Skuleborni, fekk ei dugeleg Avreidsle av
Fru Kahrs, so heile Klassa høyrde paa det. Det er
aal-vorsamt, dette, Frøken, forstend De? Hender det ein
Gong til, so jager eg Dykk paa Dør! —

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free