- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
86

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var ein gamall keid Fyr som visst var Far til den
roseraude; det var ein stor Tosk; han vilde ikkje at
Dotter hans skulde faa Sjøoffiseren. Liksom ho skulde
kunna faa nokon betre Mann! Men no skulde me sjaa;
no kom Sjøoffiseren. Og her paa Baaten var han Herre!

Uff! Aa! Gud trøyste oss! Dei hengde Gamlingen
upp! Aa! — Hyss daa, hyss daa! — Fanny kjende som
ei Skaking i Oksli si; det vart kviskra noko i Øyra
hennar um aa «vera still», bli «kasta ut» ... Still? Sat ho
ikkje still kanskje? —

Aa Gudskjelov; aa, den Gullgutten til Kaptein; —
alt ihop hadde sjølvsagt berre vori eit Knip til aa
skræme Gamlingen. Og no gav han seg au. Aah! no
fall dei i Armane paa kvarandre. Aah! uff! tenk, dei
kysste kvarandre ... tvo Gongir, tri Gongir ... Fanny
vart heit der ho sat. Men det var sant; dei var forlova;
det var kje noko gali daa... Og so song dei og var
glade. Ja no kunde dei nok vera glade; iser ho; iser ho
... Aa den søte Kapteinen.

Ish, den Duken daa; der vart han dregin fyri att.
Gjev det ikkje vilde vara for lengi; for no kom Bryll —
... Eit Brak fossa gjenom Salen; daa ho skulde sjaa
seg ikring stod alt Folk og klappa med Hendane.
Da-mune og hadde reist seg. Kva var det for Slag; vilde
dei gaa? Eit nytt Brak brusa gjenom Salen; so gjekk
Duken upp; no byrja det att... Naa — ? Dei berre
bukka; og so drog Duken seg ihop att... «Kom no
Fanny,» sagde Fru Miihlberg. Fanny vart reint
hug-sprengd; det kunde daa vel ikkje vera slutt? Folk drog
seg aat Utgangsdøri. Gudskjelov; det var nokre som
tok til aa klappe att; «Mer Di!» «Mer Di!» ropa dei;
aa for snilde Folk ... no kunde daa kje Skodespélarane
staa imot lenger. «Fru Miihlberg! Fru Miihlberg! det
kjem meir! det kjem meir!» — Duken vart dregin til

86

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free