- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
87

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sides; ho i Silkekjolen kom fram, førd av Kapteinen;
no byrja det, no byrja det... uff! Dei berre bukka
og nigja. So gjekk Duken ihop att. «Kom, Fanny!»
sagde Fru Mühlberg. Fanny kjøvde Graaten med
Nagg og Naud; alle Folk gjekk; der var inkje meir aa
gjera.

Ho tagg seg med paa Teatre alle fem Gongine der var
Spél; umframt «Reisen til Kina», som vart teki upp att,
men ikkje haldi fram lenger enn fyrste Gongen, fekk
ho sjaa «Den svage Side» og tri løglege Smaastykke.
Resten av Sumaren livde ho reint i Teaterrus. Allstad
der ho kunde faa nokon til aa høyre paa, sa ho fram
Replikkar og song Teaterstev; helst freista ho aa herme
Fru Hedewig, ho i den roseraude Silkekjolen. Aa; den
som kunde faa seg slik ein Kjole ein Gong; ein
ljos-raud Silkekjole med Slæp! Det vilde vera noko anna
enn denne Sekken av graa Cord, som ho no maatte gaa
og vabbe i, og som tilmed ikkje naadde henne lenger
enn til Knes... og ho, som visst hadde for store Føtar
... Uff! den som var framsloppi. —

— Mor kom att fraa Kristiania og var i Ulag. Fanny
fekk ikkje Greide paa kva som var i Vegen; det var
visst berre Gamle-Kari som visste noko; men naar ho
og Mor rødde ihop, kunde Fanny ikkje skyna kva dei
tala um.

Eg tenkte mest Vaarherre hadde vilja laga det for
meg no att, sagde ho Mor ein Kveld; det var Doktarord
for, at det ikkje kunde vara lengi. — Doktarord ja; haa,
haa! Sit paa det, so blæs det ikkje burt, sagde
Gamle-Kari. -»- No er det ein annan Doktar som hev sagt
noko anna; det er ikkje Bringa, segjer han; det er berre
det at ho er for veik; ho trottar kje alle Barnesengine
... — Nei, nei; eit Barn for Aare kann alltid vera
jamgodt med Tæring. — Ikkje for det; det er visst ingin

87

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free