- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
88

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som ynskjer Live av ho; men det er daa eit Hendelse
at ein stødt skal mistaka seg; aldri kann det gaa, som
ein tenkjer!

Fanny aat paa Skiva si og glodde; kven er det, de
røder um? spurde ho. Ja-ha; det er det, sagde
Gamle-Kari. Ish, du daa, Trestakken; kven er det de røder
um, Mor? — Det er eit Menneskje som ikkje du
kjenner; berre teg no still du, og ikkje bry deg um oss. —
Uff; de er so leide so!

Gamle-Kari tala Trøyst til ho Mor; Kjakane hennar
arbeidde som ein Blaasebelg. Berre drikk no Øle ditt,
Margrete, sagde ho, og tak det med Ro! Det gjev seg i
Enden, sagde Reipslagaren; og ein skal teg ja med’ ein
tygg, og ikkje taka Hatten av, fyrr ein ser Mannen; du
hev ikkje noko aa graate fyri, du? Det er daa kje noko
um-aa-gjera, veit eg? Ho Mor vart liksom lite trylt;
er du kje klok du? sagde ho; du trur daa vel ikkje, at
... — Nei nei; nei nei; inkje vondt meint, inkje vondt
meint; du skal kje ta det so braadt, Margrete! Haa,
haa, den Ungdomen; stødt er det so paa Live med alt.
Eg er gamal, eg; eg hev set noko av kvart Slag! jagu
gjeng det an alt, Margrete! no banna eg visst. Sjaa no
Fru Thorne. Ja dei kallar ho for Frue; men du veit
kva Slags Frue ho er. Køyrer kje ho Byen rundt med
Majoren sin, og steller Huse for han, og tek imot
Gjestine hans, og er so fin og ferm at det er Skil paa!
Eg ser ho kvar Dag, eg, og gjeng Ærend for ho, og
kjenner ho godt; du hev visst aldri høyrt meg segja eit
vondt Ord um henne! Nei, for eg segjer reint ut: kann
kje ho vera like god for det, naar ho elles er’bra og
snild? Betalar godt gjer ho, og eit greidt Menneskje er
det i alle Maatar; ja det er kje nokon, som segjer noko
paa ho heller! Berre lat det skure du, Margrete, og
tenk paa at du hev det godt; det er nok andre Tidir no

88

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free