- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det vart til det, at dei for det fyrste slog seg til Ro.
Gina meinte dei burde lære Tysk, fyrr dei vaaga seg ut
i Verdi. Og so kunde dei taka Upplæring i Pianospél so
lengi; det var noko ein laut kunna, det og.

Etterkvart gjekk det til Nedfalls med Teatre paa
Høytreve. Dei spéla Bryllaup so lengi, til dess dei tok
til aa leike Bryllaup; og snart var det Sogune fraa
fyrre Aare som fekk Magt med deim att.

Paa nytt Lag leita dei upp den myrkaste Kroken paa
det myrke Treve. Der krudde dei seg ihop og gav seg
burt i Draumane sine. Det var so umaateleg mykje som
dei ikkje forstod. Og det var alt ihop so fælande ufjelgt.
Kor kunde det no t. D. lata seg gjera aa føde Born?
Tenk, desse store Borni, som var mykje større enn
Dokkune vaare; korleis kunde det gaa til?

Og kvifor var det berre gifte Folk, som fekk Born?
Det var Gud som skapte Borni; det visste me; men at
det daa skulde turvast aa gifte seg fyrst? Sant nok;
Jomfrua hjaa Andreassen hadde fengi Barn, endaa ho
ikkje var gift. Men so hadde Andreassen vorti lagd ut
til Far aat Barne; og kva vilde det segja, tru, aa vera
Barnefar? Og korleis kunde han vera Far til Barne
aat Jomfrua, naar han samstundes var gift med Kona si ?

Det var fælt so flokut som det var. Det eine var
rarare enn det andre, og inkje hekk ikop; dei kunde svalle
og undrast so mykje som dei vilde; like nære var dei, og
Emne var like utømelegt.

Tankane vart til Leikar. Fraa Festemaal og
Bryllaup naadde dei til Barnsengi. Dei stoppa seg ut og
var med Barn; so kom Nærkona og Doktaren; og etter
mange og lange Ridir vart ei Dokke fødd.
Forunderlege, ufagre Ting fann dei paa uppe i Halvmyrkre sitt;
og dei gjekk pinte av Draumane sine som under ein
Trolldom.

91

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free