- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
92

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Alt anna i Verdi vart meir og meir ulidande
keid-samt. Det var kje Moro i Fritidom dessmeir; utan naar
dei fekk vera saman. Allvisst Fanny hadde det leidt.
Naar ho var for seg sjølv, ottast ho so ille for
Vaar-herre.

Ho kjende dei njosnande Augo hans i Ryggen; ho
hadde han etter seg stødt, lurande og lydande. Uff, kvi
skulde det vera ein slik... nei, nei; ho meinte det
ikkje, ho meinte det ikkje; det var greidt at det maatte
vera ein Gud; ho heldt av han; ja visst heldt ho av han;
det var han som gav henne Klæde, Sko, Mat, Drykk,
visse Rom... uff, gjev dei fekk byrja paa Skulen att.
Ho hadde det fælt dauvlegt den Sumaren. Det var
jam-merleg stuslegt paa Fredheim hjaa Proprietær Storm. —

— Det vart endaa fleire Leksur i femte Klasse enn i
fjorde; og Skuletimane var lange som Endeløysa. Uff,
den som kunde røme. Jamvel i Timane aat Fru Kahrs
var dei dauve og tankespreidde. Dei dreiv Tidi med aa
sende kvarandre Setlar, som med gaatefulle Bokstavar
og Teikn leika innpaa det som sveiv deim i Hugen; «F.
M. hev aldri fenge ein K.» — Frøken Malthe hev aldri
fengi ein Kyss; — «F. S. er fælt huga paa aa g. s.» —
Frøken Strandboe er fælt huga paa aa gifte seg. I
Fristundine rødde dei paa same Maaten, og hadde Moro
av aa segja so drjuge Ting som dei kunde paa ein slik
Maate at det ikkje vart forstadi.

Dei fekk Villridir, hoppa, dansa, sprang, skreik. Med
ein Gong vart det slik Moro aa banne. «Kva Pokker er
det for noko»; — «kvar Pokker vil du av.» Av Jomfru
Thorsen hadde Fanny lært ein litin vestlandsk Eid som
ho fekk innført: «Pigejor»; Ebba sagde «Gu»; det
hadde ho lært av Far sin og Brørane sine.

I den Leseboki dei hadde paa Skulen stod eit
Folke-æventyr der Fanden var nemnd. Den heilage Skræddar

92

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free