Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hadde stadi slike Støytar fyrr. Ho kunde dessutan ikkje
vera stort varare enn ho hadde vori. Det var raadlaust
aa halda seg strengare etter dei godkjende Lærebøkane
enn ho hadde gjort; og ho visste kje av at ho hadde
haldi si eigi Meining fram nokon Stad, der det var Tvil
um Fortolkingi.
Men til Jol vart nokre av Smaagjentune tekne ut or
Skulen. Det vart ikkje nemnt nokon Grunn; det vart
berre stutt og beint sagt, at Thea, Jensine, Sofie ikkje
kom paa Skulen meir. Daa tok Fru Kahrs til aa fæle.
Det var ikkje meir enn so vidt Skulen greidde seg.
Kom det fleire Utmeldingar, so vilde det snart vera slutt.
Men denne Skulen var det einaste ho hadde i Verdi.
Fekk dei henne burt fraa den, so vilde ho ikkje hava
nokon Ting meir som ho kunde trøyte sitt Tilvære med.
Ho treiv til den Utvegen aa faa Religionslæraren paa
Borgarskulen til aa taka Katekismustimane; sjølv fekk
ho daa lite seg med Bibelsogo, og i dei øvre Klassom
ein og annan Bibeltime. Daa laut vel Folk roe seg att.
Men dei som var burte vart burte.
Presten Pukstad sagde, at det galdt ikkje so mykje
det einskilde Fag; gjenom heile Skulen gjekk enno Fru
Kahrs’s Aand, og den Aand var paa ingin Maate
luthersk.
Paa Vaarsida kom det Orde ut, at Fru Kahrs førde
falsk Lære um det heilage Ægteskap.
Ho hadde lagt ut Apostelen Paulus for øvste Klassa,
og hadde gjevi dei unge Gjentune den Lærdomen, at ei
Kone ikkje lenger turvte vera Mannen sin undergjevi.
Konune i Kristiansborg vart fælne. Og den eine Mori
etter den andre kom farande til Fru Kahrs og spurde
um det var sant, at ho hadde sagt slikt. For daa laut
dei taka Døtrane sine ut or Skulen med same.
Fru Kahrs saag at det galdt Live. Ho fekk For-
94
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>