- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
95

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eldri saman til eit Møte; der heldt ho ei Tale og
greidde plent ut for deim kva ho hadde sagt og meint.

Ho gjekk ut fraa det, sagde ho, at Kristindomen
hadde lyft Kvinna upp fraa den Vanvyrdnad ho var i
fyrr, daa ho var Træl og Leikety, og sett henne ved
Sida av Mannen til Syster og Medhjelp. Ut ifraa dette
Syne hadde ho tolka Pauli Ord. Undergjevnaden til
Kona skulde daa ikkje lenger vera ein Trældoms
Lydnad, men ein Lydnad i Fridom av Kjærleik. Ho lagde
fram Autoritetar; hermde Luther og Biskop Martensen;
tala seg varm; sistpaa tottest ho verkeleg s jaa eit
blidare Lag paa dei myrkje Aasyn rundt um i Forsamlingi.
Daa ho var ferdug, steig Presten Pukstad fram.

Han visste ikkje um Fru Kahrs fann det høvelegt
etter Pauli Lære, at ei Kvinne tala i slik ei Forsamling,
sagde han; men han skulde ikkje no halde seg til den
Sida av Saki. Han vilde berre korteleg vise, kor hol og
laus den Utleggjing av Paulus var, som me her hadde
høyrt. Og han etterviste umstendeleg, kva det var
Paulus retteleg hadde vilja hava fram paa dei Stadine Fru
Kahrs hadde nemnt her. Fraa dei andre Autoritetane
som Fru Kahrs hadde nytta hermde han Ord som synte,
at ikkje dei heller kunde hava meint det som Fru Kahrs
fekk dei til aa hava sagt. Vel var det sant, at millom
kristne Folk burde det ikkje vera Tale um anna enn
Lydnad i Fridom; men paa den andre Sida var det likso
sant, at den Skipnaden som Gud fraa Upphave hadde
sett, at Mannen skulde vera Hovude for Kvinna, liksom
Kristus var Hovude for Kyrkjelyden, den galdt
framleides. Han slutta med ei inntrengjande Uppmaning til
Foreldri i Kristiansborg um aa hugsa det Andsvare dei
hadde paa seg; i desse Tidir, daa alskyns umogne
Meiningar var framme og breidde seg, kunde ein aldri vera
vakin og aathugsam nok, allvisst naar det galdt Ung-

95

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free