- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
96

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

domen, som altfor lett lét seg daare av all den lokkande
Tale i denne Tid um «Lydnad i Fridom».

Fru Kahrs steig fram att. Ho var svært bleik; Mæle
hennar høyrdest ustødt og skjelvande. Dei hadde myrkna
til att, Aasyni rundt um i Salen; og dei lange kalde
Ut-greidingane og Hermingane til Pastor Pukstad stod
framfyri henne som ein Vegg. Sjølv satt Presten der
nede stiv og sterk attum Brillune sine, trygg paa aa
vinne, uruggeleg. Ho kjende paa seg, at ho laag under.
Slage var tapt. Ei forfælande Modløyse tok henne,
aa-leine som ho her stod. So kom det eit Braasinne yvi ho.
Ho vart heit i Ord; kom med Paastand og Skuldingar
som det ikkje var Raad aa føre Prov for; bruka Ord
som Bakvasking, Forfylgjing, Prestelygn; sistpaa slepte
ho Saki reint og gav seg burt i Talemaatar um det gode
og sanne i det heile; song upp um Rett for dei
nedtrykte, um Framtidi aat Kvinna, um at Tru og Hjartelag
skulde faa Magti yvi Mannens kaldkloke Vit, som hadde
avla Teologien med sin Iskalde paa den eine Sida og
Rasjonalismen med sin Daudkalde paa den andre; ho
vart varm, ordhag, fager; det som Pastor Pukstad ikkje
hadde evla aa øydeleggja for henne, det øydelagde ho
no i ei eldhuga Stund sjølv.

Ho gjekk ned av Talarstolen so teki at ho skalv, og
gøymde seg i ein Krok millom tvo av Læremødrane sine.
Det som sidan vart sagt i Møte høyrde ho ikkje. Ho
kjende seg underleg trylt; midt i Vonløysa var ho paa
ein Maate sæl for ho hadde tala; for kannhende det
likevel kunde vera einkvar som hadde forstadi henne og
fengi Hjartelag for henne og for Skulen.

Pastor Pukstad hadde ein lett Siger. Klokkar
Eilert-sen sagde Amen som vanleg; Skræddar Evensen sagde
uppatt paa Kyrkjelydens Vegne det same som Presten
og Klokkaren hadde sagt; og Forsamlingi skildest.

96

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free