Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
IX.
Fanny hadde vorti Kristianiamenneskje.
Ho Mor hadde ikkje havt Hug til aa hava henne hjaa
Fru Kahrs lenger; inkje godt Folk vilde hava Døtrane
sine paa den Skulen no. Og kvi skulde ein daa liggje
her paa Bondelande og lengte Live av seg? Saum kunde
ho faa i Kristiania so vel som her. Ein Skule til Fanny
maatte ein ög kunna finne. Og Fanny hadde vori like
glad med alt, berre ho kunde faa koma til Kristiania.
Dermed hadde dei pakka Tøline sine ihop og reist.
— Stakkars Gina og Ebba; dei skulde vera heime som
fyrr, dei. Tenk, gaa der uppe i det fæle Hole og lesa
med ei Guvernante, og so tenkje paa, at Fanny — no
gjekk og hadde det morosamt i Hovudstaden!
Men Brev skulde dei faa; so hadde dei alltid noko aa
trøyste seg med. Ho skulde fortelja deim alt, so som
ho hadde lova. Aa, naar dei fekk vita kor gildt ho hadde
det her, — dei vilde ovunde henne, so dei vilde kje staa
i det.
Fyrst maatte ho fortelja at ho hadde vori paa
Klingenberg og set det svenske Teatre. Jau det var andre
Greidur enn Salen til Fru Mühlberg, det! Og so maatte
ho fortelja um Krambuine. Du store Tid! for drustelege
Krambuir. Ein Stad hadde ho endaa set ein ljosraud
Silkekjole, slik som den dei skulde hava naar dei kom
fraa Italia. Det var ikkje Ende paa alle dei naudfine
Kjolar og Kaapur som her var aa s jaa; Skinn verk var
her med; og tenk; ja, dersom dei fekk s jaa alle dei
Armband og Sylgjur som laag i Vindaugo hjaa Guldsmedane
i Kongens-Gate, so vilde dei kje faa sova um Natti!
Aa, det var tusund Ting ho maatte fortelja. Tenk,
naar dei fekk høyre at Mor og ho hadde køyrt i Vogn
som andre Storfolk tvert gjenom heile Kristiania! Men
7 — Garborg II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>