Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
daa var ho Mor i Godlag og, maatte dei tru, Ein kunde
køyre i Vogn naar ein vilde her; paa Stortorge ved Vor
Frelsers Kyrkje stod det ei heil Rekkje med Vognir, og
berre ein vitta med Handi, so kom dei. Og Kuskane var
svært vyrdsame og galante. Naar dei saag at det var
Damur som vilde køyre, sprang dei ned av Sessen sin
og hjelpte deim uppi; «versgod, Frue,» «versgod
Frøken» ... Men daa maatte dei sjaa at det var rette
Da-mur; det sagde seg sjølv. Oss hadde Kusken vori
overlag vyrdsam mot. Han hadde jamvel kalla Fanny
«Frøken»; «vil ikke Frøkna heller sitte der?» hadde han
sagt. Det var greidt han trudde ho alt var konfirmera.
Men naar det var fine Bryllaup i Byen, daa fekk ein
sjaa Vognir daa! Og Klædningar! Aa du store min!
Dei var klædde som Brurir alle Damune; ja ein kunde
tru det var Prinsessur og Hertuginnur! Og det var ei
Skreid av drustelege Vognir og Ekvipasjur so lang som
fraa Fru Mühlbergs Hoteli til Borgarskulen. Det var
ofte fine Bryllaup her, daa her var so mange fine Folk.
Og so kunde ein faa sjaa Kongen, naar ein budde her.
Mest kvart Aar. Og daa var det vel Stas. Du store min;
slikt kunde ein kje drøyme um dessmeir der uppe paa
Bondelande. Fyrst kom det gule Kore, som var reint som
guilklædt og reid paa staute Hestar; og so var det
Soldatar med Bajonettar paa Byrsune plent som i Krigen;
men Kongen køyrde i ein urimeleg gild Landauer med
fire Hestar og hadde ein raud Fjørdusk paa Hovude. For
han gjekk kje med Kruna naar han var ute; det sagde
seg sjølv. So maatte ho fortelja um Sirkus ög, som ho
snart skulde faa sjaa; der var Hestar som kunde danse
og ein dressera Gris; — dressera var det same som
upp-lærd. Dessutan var der ei Miss som dansa paa Line —
Miss var det same som Frøken paa engelskt —, og tvo
lystige Skjemtegaukar som gjorde Gapestykkje. Nei det
98
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>