Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var so mykje aa fortelja um, at ho aldri kunde bli
ferdug. Det var sant; ho fekk ikkje gløyme at ho hadde
vori i Trefoldighetskyrkja. Det var ei rar Kyrkje, maatte
dei tru. Ho var bygd paa utanlandsk Gjerd med ein stor
Rundkvelv; og tenk, ho var aattekanta; men inni var ho
rund. Ein søt ung Prest var det der som heite Pastor
Løchen; det var ein søt Prest. Og so fekk ho endeleg
ikkje gløyme aa fortelja um alle dei naudfine
Sümar-klædningane ho hadde set; i Kyrkja var der og mange
gilde Klædningar; alle, fine Damur gjekk og høyrde
Pastor Løchen, maa tru; for han var saa umaateleg god
til aa preike. Uff; det vart so endelaust mykje; berre
ho ikkje gløymde Helvti. Um Mor og seg sjølv turvte
ho ikkje skrive stort. Ho kunde fortelja at dei budde
nære ved ein stor Hage som het Tøyenhagen, og at Huse
som dei budde i var trihøgt. Og so kunde ho segja at
dei budde i fyrste Høgdi; for det var greidt at fyrste
Høgdi var den finaste. —
— Det var elles ikkje mykje fint der dei budde no,
totte Fanny; Garden laag einsleg og stilt i ei ny Gate
som ikkje var steinsett endaa; der var mykje Søyle og
heller ustelt. Dei hadde eitt Rom med Kjøk; der var
baade myrkt og trongt. Og so var der ein Tev av gamall
Kjøk, sagde ho Mor; den trudde Fanny aldri at ho kunde
venjast med; men dei laut bu her likevel, av di her var
billegt. Og so var her fritt og godt; dei hadde serskild
Inngang fraa Portrome.
Dei andre som budde i Huse var simple Folk, som ein
ikkje turvte bry seg um. Likevel budde det i andre
Høgdi ei Fru Holter, som var av betre Folk; ho var
Lærar ved Aalmugeskulane her i Byen. Henne saag dei
elles ikkje noko vidare til.
Men Fanny lagde Merke til Son hennar; det var ein
tolv-trettan Aars Gut som heitte William. Han var
99
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>