Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
men naar du hev klædt og fjelga deg, so er du like ung
att! — Det er endaa godt at eg er ung for deg,
Krulltoppen, sagde ho Mor illhuga.
Det leid langt paa Hausten alt; og dei hadde endaa
ikkje funni nokon Skule til Fanny. Men so fekk ho
Skil-grein til Slutt. «Det vert inga Raad med det, Fanny; du
maa paa Aalmugeskulen!»
Paa Aalmugeskulen? eg? spurde Fanny; ho trudde
det ikkje. Men daa ho skyna det var Aalvor, kom ho
paa Graaten. Det er daa berre dei som skal bli
Tenest-gjentur ... som gjeng paa Aalmugeskulen ? sutra ho;
det hev du sjølv sagt!
Det er kje paa den simple Aalmugeskulen du skal gaa,
skynar du vel, svara ho Mor; du skal gaa i
Betalings-klassa! Det er paa Friskulen dei simple gjeng; dei hev
kje Raad til aa betala, ser du ... Fru Holter segjer at
Betalingsskulen er reint fin; ho hev sjølv ein Gut i
Be-talingsskulen. — William? — Ja kanskje han heiter
William. Fanny heldt upp med Graaten; um ei Stund
sagde ho: dei tarv vel ikkje vita um dette i
Kristiansborg? — Nei langtifraa, svara ho Mor trøystande.
Den store Bygningen til Aalmugeskulen med alle dei
Hundrad av Born, med sine kalde Murar og den
innestengde Leikvollen, var fælande uhyggjeleg. Ein kunde
mest vildre seg burt i dei lange, graae Gangane; og i dei
breide Steintroppine totte Fanny at ho fraus. Skuleromi
var store og firkanta; det glodde tomt fraa kalkslegne
Veggir. Og Golvi var svarte etter alle dei søylute
Skorne, endaa det var Skuring paa deim kvar Dag.
Betalingsskulen var i tridje Høgdi, Friskulen
nedan-under. Der var stor Skilnad, Gudskjelov. Gjentune i
Betalingsskulen saag ut som hjaa Fru Kahrs umlag; men
dei paa Friskulen var fælande simple. Tenk, dei fleste
av deim var kje skikkeleg underklædde dessmeir. Ofte
102
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>