Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Teatre; det var morosamt aa høyre paa naar desse
rødde. Dei kjende til alt som kom Teatre ved. Dei
kunde fortelja korleis det saag ut attanfor Spél-tile;
rødde um Fru Gundersen, Fru Juell, Johannes Brun som
um gode Kjenningar; visste kven som var snild og ikkje
snild, kven som var Vénir og Uvénir, kven som stod seg
godt eller mindre godt med Spélstyraren; fortalde ei
Mengd med Hermur og Rispur fraa Kulissane. Fanny
lydde etter av all Magt. Men kor i all Verdi veit de det
fraa? spurde ho. Aa det er Karoline, lo Emilie; ho er
fødd paa Teatre ho, skal eg segja deg!
Karoline var Dotter til ei svensk Sködespélarinne fraa
Tivoli. Far hennar var ikkje kjend; men Karoline lét
poo, at han høyrde til «dei store». Naar dei var Uvénir,
kunde dei koma upp i Dragsmaal um dette. Pytt, sagde
Emilie, me kann somenn godt vera Systrar for alt det
du veit! — Jaso; trur du Mor mi vilde ha nokon
Kjennskap med slik ein Fyr som den Thomas Throndby
kanskje? spurde Karoline. So vart Emilie vond. Aa, Thomas
Throndby skal du kje slaa paa Nakken aat, Mor, meinte
ho; han hev Pengar, han; og eg tenkjer nok han hev
havt Kjærastar paa Tivoli ög, eg! — Ja bland
Korist-innur, ja. Det var underlegt aa høyre paa slikt Snakk;
nei, her var ikkje fint paa Aalmugeskulen.
Emilie og Karoline skulde vera Bestevénir; men dei
drogst rett som det var. Ho er aabruig, skal eg segja
deg, sagde Emilie. — Korleis aabruig? — Ho trur at
Johan er gladare i meg enn i henne; og det er sant. —
Jaso? — Ja. Og so var eg toskut her ein Dag og
fortalde henne, at Johan hadde kysst meg; og det tolde ho
ikkje. Aa, so sint som ho vart! — Jaso. — Fanny hadde
dregi seg inn i seg sjølv; ho var reint forstøkt av Emilie.
Denne heldt ved: eg skal segja deg, det er meg han vil
ha; Karoline vil han berre ha so til aa halde Moro med.
105
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>