Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
glodde mest Augo ut or Hausen paa seg. Og no kom
han vel snart ? Ja; no kom han snart. — Kom han ikkje
snart no daa? Jau; det varde ikkje so lengi no. Endeleg
peip Træne ute ved Oslo. Kjem han no? — Ja! ja! no
kjem han! — Endeleg! — Endeleg, sa Jomfru
Pedersen, ho vart trulova! —
Fanny fekk sjaa han. Daa visst saag ho tydeleg ein
Mann med raud Fjørdusk. Men det gjekk alt so
brennande snøgt. Det gule Korpse sette Hestane sine i
Gang; Vognine køyrde; «giv Agt, fremad Marsch;» —
Soldatane marsera; upp gjenom Jønnbanetorgi vart det
ropa Hurra; og so var det slutt. Men ho hadde set han;
ho hadde set han!
Paa Skulen fortalde dei henne næste Dagen, at
Kongen ikkje hadde havt nokon raud Fjørdusk. Kongen
hadde havt ei flat Luve med breidt Gullband; den med
Fjørdusk var berre Adjutant. Fanny grét av Sinne.
«Ish, so leie som de er!» Um Eftan skaut ho det til
William. Er det kje sant, William, at han med den
raude Fjørdusken var Kongen? William saag blidt paa
henne og nikka. Jau daa, sa han; eg er stød paa at du
hev set Kongen, Fanny. Aa, den søte Guten; ho kunde
eta han upp... Jau; det maatte vera henne, han var
glad i. —
— Ein Dag i Fristundi kom Emilie og Karoline
løyn-vorne og høgtidsame burt til Fanny og spurde, um ho
hadde Hug til aa spéla Komedie. Komedie, ja? — Hyss,
ikkje so høgt... — Spélar de Komedie daa ? kviskra
Fanny. Me er med paa Teatre, sagde Karoline. Fanny
spilte upp Augo; kva for eit Teater? — Kristiania
Teater vel! — De? — Ja, me!
Emilie krydde seg som ein litin Fugl; Karoline var
høg og fornæm som ei Kunstnarinne.
Fanny vart baade raud og bleik; no vil de hava meg
108
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>