- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
115

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Ja, sagde Fanny. Gakk upp og skriv du, og kom
ned i Portrome att; so kjem eg ut um lite Grand.

— Ja; og daa hev du din Lepp ög?

— Ja . . .

Ho trivla seg inn gjenom Gangen aat Mor si; han
gjekk til den andre Sida og upp Troppine.

Straks etter var Fanny ute att. Er du her? kviskra
ho; Portrome var svart som ein Kjellar.

Inkje Svar.

Uff; no skulde me sjaa han kom ikkje. Uff; ho vilde
gaa inn att, ho. Det var fælt styvelegt dette her. Han
heldt henne berre for Narr; det var det ho kunde vita.

Sjølvsagt var det ikkje henne, han heldt av; det var
den Godtulla Ingeborg. Ho var kje meir enn tie Aar; men
kva brydde Karane seg um slikt; han var gjerne for den
Skuld hugtekin i Anna ög, som var endaa yngre . . .

Nei; der kom han. Du store min, so stilt som han
gjekk. Ho høyrde ’n mest ikkje korkje i Døri eller i
Troppi. Der var han. Hm!—Er det du? — Ja.—
Kor er de? — Her. Nei her. — Kvar? — Her! — Hyss.
Trivlande fann dei Hendane aat kvarandre, bytte
Setlar; rømde so kvar til sin Kant; ho staakande og
snaa-vande; han berre stilt.

Daa ho var innanfor Døri komi, skyna ho det med ein
Gong: det kunde ikkje vera hennar Namn som stod paa
Setelen.

Det kunde ikkje det. Aa Gud! so styvi som ho var.
Ho med sine store Føtar og sin bleike Hamlit; og so
dette fæle lurvute Haare; og no hugsa ho med ein Gong
noko han hadde sagt um Ingeborg: at ho hadde slik ei
naudfin kastanjebrun Flette.

Aa fy, so taapi som ho hadde vori; ish! uff! Ho vart
reint heit; og so braakald eitt I 3<cl J tenk; ho, som hadde
skrivi W. H. heilt ut paa Setelen.

115

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free