- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Uff; tru det ikkje var nokon annan Gut som heitte
noko paa W. H. ? Aa, Asen som ho var; kvi kunde ho
ikkje ha skrivi berre W. ? eller berre H. ? No sat han
deruppe og lo av ho; uff! ho kunde bite Tunga av seg.

Leppen torde ho kje sjaa paa; det var Ingeborg; ho
visste det. Det var sant ög: Fletta til Ingeborg var ven.
Daa visst mykje venare enn Krullane hennar. Uff, denne
ljose, lurvne Krulltoppen; nei, nei; og so leid og vill som
ho var; og han som var so finsleg og stillfarande; og
so denne Kjolen daa; ish! kor fæl ho var; og so hadde
ho gjengi og innbilt seg —! uff; uh!

Ja so var ho ulykkeleg daa. Aa Gudskjelov, at ho Mor
var ute. Ho kasta seg upp-i Sengi med Andlite i
Høgj-ende. No var alt slutt. No fekk ho berre tenkje paa
Teatre. Det vart elles ikkje Moro aa vera paa Teatre
heller no. Inkje noko vart Moro lenger; aa ho var so
fælsleg usæl. No kom ho berre til aa folne burt og døy.

Folne burt som ei broti Lilje. Alt i Morgo vilde ho
vera mykje bleikare. Still og underleg vart ho, so dei
kom ikkje til aa kjenne ho att. Nei men kva er tids
med Fanny? vilde dei segja; ho, som var so kvat og
kvik? Ho Mor vilde bli ottefull og spyrja henne ut
aal-vorsamt. Men ho vilde berre bøygje Hovude og knuse
ei Taare ... aa, Mor, eg er so fælande ulykkeleg! ... uh,
hu, hu . . . Aa, no grét ho alt; aa . . . aa . . .

Aldri i Verdi vart ho glad meir. Det vilde gaa med
henne som det gjekk med den fagre Irene; ho visna burt
av Kjærleikssut i sin Ungdoms Vaar; ingin visste kva
som bila, fyrr ho laag paa Sottesengi og øra um Carlos,
sin Hjartans Vén; men daa var det for seint. Aa, no
kom dei snart alle og spurde; Emilie fyrst: kva er det,
Fanny? kva er det? no vil eg vita det! du skal segja
meg det! ja du skal! — men daa vilde ho svara med ein
blid smil: gjev du maatte bli sæl, Emilie! Og det gjekk
Spurlag um dette heilt til Kristiansborg. Gina og Ebba

116

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free