Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
or Sengi, lo, dansa, gneid seg i Hendane; meg sjølv,
meg sjølv, aa! Aa Gud! so Moro som det var! Tenk!
trulova, Og tenk, med honom! Du store min; aa; kor
dei vilde ovunde henne no, Ingeborg og Anna. Ja; for
dersom dei trudde at ho vilde hava han ihop med deim,
so tok dei i Miss! Ho vilde sjølvsagt ikkje hava det paa
den Maaten med han, uff; fy! men aaleine um han
vilde ho vera. Aah, aah, for Moro det skulde bli; ho
skreik av Fagnad; ho var saa glad at det kitla i henne.
Og so kannhende ein Gong imillom, naar det var myrkt
. . . uff! nei; ho kunde ikkje; ho kom til aa døy av Blygsle;
men . . . tenk, um han slik ein myrk Kveld sat saman
med henne i ein Sofa og so berre utan eit Ord . . . uff!
det maatte vera rart aa kysse ein Gut. Men naar det
var han, den søte, vene William; og naar dei var
trulova .. . Berre han ikkje var for bljug av seg. Endaa
no, daa han var trulova ... —
— Det vart ein lang Dag. Skulen var fælare enn
nokosinn; ho stunda etter Middagen og Fridomen so ho
var sjuk av det. Uff, so rart som det maatte bli aa
raake han no. Kva vilde han segja tru; kva vilde han
gjera. Berre dei andre ikkje kom til aa gaa det. Tenk
um han utan eit Ord tok henne um Halsen og kysste
henne . . . men det torde han daa ikkje midt i
Kjelke-bakken . . .
Til Slutt vart det Middag likevel. Fanny tenkte ho
kunde raake han paa Heimvegen, men saag han ikkje.
Ho gjekk heim og reiv Maten i seg so fort som ho kunde.
Paa Møtestaden, som no var Kjelkebakken, var ho
Fyrste-mann. Noko etter kom Ingeborg og Anna. Stakkars
Gjentur; dei tok til aa snakke elskhugsblidt um William
som fyrr. Dei skulde berre vita—!
— Kor hev det seg at du er so still i Dag, Fanny ?
Er du kje glad i han lenger kanskje? spurde Ingeborg.
118
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>