Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Fraa Elmerud vart det meldt ved Telegram, at
Holmsen var umkomin ved eit Uhende. Men Bror Nils hadde
sine eigne Tankar um den Ting; og han fortalde Fru
Holmsen kva han tenkte.
Det hadde vori laakt med Holmsen i seinare Tid. Han
hadde livt hjaa Jomfru Aaberg som . . . noksagt; men
av og til vart han vel altfor leid; og so drog han til
Byen og rangla. Det var slik ei Rangle-Rid han hadde
havt no au. Og denne Gongen hadde det vori reint gali
med han. Han hadde beintfram havt Deliriums-Toktir,
etter som Ølhandlar Simonsen i Vaterland kunde
fortelja. Heile Tidi hadde han masa med det at han vilde
gjera Ende paa seg. Eg vil gaa til Helvite! hadde han
sagt; laana mig ein Kniv, Simonsen!—«Kors i Jesu
Navn; Kors i Jesu Navn» . . . Reint som i Ørska hadde
han rasa; Tvi! Tvi! Rottur og Mus, Loppur og Lus; no
hev eg freista Verdi baade upp og ned; berre Skit, berre
Skit; laana meg ein Kniv; laana meg ein Kniv; er du
min Ven, Simonsen?—«Aa Gud fri oss; Gud fri oss!»
— Simonsen hadde havt Augo med han heile Tidi; men
so hadde det besna paa att. Pengane traut; han fekk
ikkje meir aa drikke og vart ædrug og skipeleg. Eg fær
sjaa til aa koma heim no, hadde han sagt. Men so med
eitt var han komen or Syne. Klokka fem um Eftan
hadde dei set han siste Gongen. Gud veit kvar han
sidan kunde ha vanka; men Morgonen etter vart han
funnin ved Palæbryggja. Daa hadde Klokka hans stana
paa aatte Minuttar yvi eitt.
Onkel Solum hadde og den Trui, at han hadde drepi
seg. Mor grét. Stakkars Mann, sagde ho; tenk, so god
og snild som han var i Grunnen! Berre han ikkje hadde
havt dette stive Sinn! — Han var alin upp i ein laak
Heim, sagde Onkel Solum. Ho Mor grét endaa meir,
Aa Gud for eit Andsvar med desse Borni! Onkel Solum
124
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>