- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
125

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tagde. Det rolege feite Andlite hans var fælande
aal-vorsamt.

Fanny fælte, so ho torde ikkje vera aaleine; den
daude Mannen med dei uppspilte Augo var etter henne
all Stad. Um Nætane drøymde ho, so ho Mor laut
vekkje henne. Ho totte ho saag Far sin Lik; han gjekk
med stive Faktir i eit myrkt Rom og banna. Eller ho
høyrde han stynja fælt inn-i ein gloheit Bakaromn.

Ein Dag kom det ein Pakke til Fanny fraa Elmerud.
Samstundes fekk ho eit Brev; det var fraa Tom og lydde
soleis:

Kjære Fanny.

Det er ei syrgjeleg Tid for oss no, kjære Syster, daa
me med ein Gong so braadt hev mist vaar kjære Far,
som me var so glade i, og som var so god imot oss,, og
no stend me hjelpelause og uppgjevne og hev ingin utan
Gud og godt Folk aa ty oss til. Han hugsa paa deg ög
i den siste Tidi; kanskje det sveiv for han, at Dagane
hans snart var ute. For han skreiv nokre Ord til deg
med Blyant, som me no ikkje kann finne att, og han
vilde sende deg nokre Pengar, som me hev kjøpt eit
svart Kjolety for og sender deg; du maa vera svært var
med han, kjære Fanny, for du maa tenkje paa, at det er
det siste du fær av Far din. Me hev rivi
Stakkebreid-dine til, so du skulde faa han stor; du maa slett-ikkje
skraa han; for naar du skal snu han, so hev du ingin
Nytte av han. Legg han ned ovanmed, soleis at du
kann faa han sidare, naar det tarvst. Live maa du gjera
stort; for du hev Ty nok. Me ynskjer ikkje at det skal
vera nokon Stas paa han; men berre tvo pene breide
Endar bak; men framfor alt stor, so du kann ha Nytte
av han. Foor og Sysaker fylgjer med, likeeins 1 Mark
til Skoning. Eg skal seinare skrive meir til deg um

125

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free