Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
So fekk ho Kjenningar. Grete Magnesen allvisst vart
ho Godvénir med; Grete vilde ög til Teatre.
Snart var Grete og Fanny i Lag kvar Dag. Fanny
dreiv Tidi for Grete med Rispur fraa Teater kulissen, og
Grete fortalde Fanny um det fine Skyldfolke sitt. Ho
hadde en Onkel som var Oberstløytnant; og so hadde
ho ein Fetter, som skulde bli Oberstløytnant; no for
Tidi var han Kadett og fridde til Syster hennar. Namne
hans er Horn. Han er elles svært snild mot meg ög,
lagde Grete til.
I ei Krambu nære ved stod det tvo vene
Handels-sveinar; Fanny og Grete huglagde kvar sin og var sidan
Bestevénir. Kvar Dag var dei inne hjaa Sveinane og
kaupte Sukkerty; Grete betala, men fekk Skillingen att;
og Sveinane vart svært hugsame. Fanny gløymde mest
William; tvo so ædle unge Mennar som Torvald og
Henrik fanst det ikkje i Verdi.
Daa det vaarast og vart turt, gjekk dei i
Frogner-skogen. Det var so romantisk der, sagde Grete; Fanny
totte au der var vent. Det var mest som paa Bilæte ho
hadde set: tette Skogholdt; ein kaat Bekk nedi ei
tre-grodd Dokk; ein still Dam; ein gamall Herregaard med
Taarn. Folk var der au aa sjaa, Studentar og ymse
Slag; ein Gong kom dei yvi et Parfolk som laag
attunder ein Runne og kysstest. Fanny raudna; uff so
simpelt, sagde Grete. Dei tala ikkje meir um det; Grete
var visst fælande fin. Men dei gjekk sidan ofte i
Frog-nerskogen; og det høvde seg so, at dei kvar Gong kom
framum den Runnen. Men dei fekk ikkje sjaa noko
slikt oftare.
Mest hugnadsamt vart det etterkvart aa sitja i
Slottsparken og lesa Romanar. Grete skaffa Bøkar; ho laante
deim av Systrane sine, sagde ho, eller fekk deim av
Kadett Horn. Det var Dumas, Ingemann, Paul de Kock,
128
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>