- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
129

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Bjørnson; morosamt og forunderlegt var det alt. Aa
tenk! um Verdi var slik. Aa gjev Gutane var Riddarar;
og tenk, um Bøndane var som Arne og Synnøve. Ja dei
er slik paa Vestlande, sagde Grete. Uff, kvi kann me
kje reise til Vestlande daa? spurde Fanny.

Og Torvald og Henrik er likso gjæve som Riddarane
var, meinte Grete. Ja; berre dei hadde Rustning, med
gav Fanny. Og tenk, um dei hadde Rustning og
Gangarar og Smaasveinar; so kunde me vera dei ædle
Jom-fruir; aa tenk, um me budde paa ei Riddarborg og hadde
ein fælt streng Far; so kom dei ridande paa f
jo-ruge Folar med Lansur og Spjot og Væpnarar og
Smaasveinar; og dersom Far daa ikkje vilde lata deim faa
oss, so storma dei Borgi og hervann ho og burtførde
oss . . . — Du maa ikkje tala um Burtføring, Fanny. —
Kvi daa? — Det er ikkje samelegt. — Jaso: — Nei.
Grete saag fælande fin ut; Fanny torde ikkje spyrja
meir. Uff; stundom var Grete so fin at det mest vart
keidsamt.

Og det var ikkje berre Moro aa hava fine
Kjenningar; Fanny hadde so mykje aa vera rædd for. Uff, berre
ho skulde staa til, at ho gjekk paa Aalmugeskulen; ho
sagde nok betalingsklassa i Aalmugeskulen, men det
hjelpte ikkje rett likevel; Aalmugeskule var
Aalmuge-skule. Det tok til aa bli leidt aa gaa i Byen i den stygge
graae Kjolen og no. Tenk, um ho raaka nokon! — Av
og til sende Mor henne ut i Ærend; ho maatte gaa med
Korgi paa Armen som ei onnor Tenestgjente, og draga
paa Petroleumsflaskur og Hushaldsbrød; uff, tenk um
Kadett Horn fekk sjaa henne daa; ho kom til aa uvita;
det var ho stød paa. Men det fælaste var, naar ho skulde
paa Politistasjonen.

Daa gjekk ho med Graaten i Halsen heile Tidi. Dat
var ikkje til aa bera; ho vilde vera øydelagd, um nokon

9 — Garborg II.

129

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free