- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
137

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

stelle med sine Gognir og Greidur; og Samlingsrome,
der Kongar og Dronningar og Draugar og Skjelmar
gjekk i full Bunad og rødde um, kvar dei skulle eta til
Kvelds . . . Der kom Hammer, som nett var drepin, i
Samtale med Mordaren sin, Klausen; Gundersen og
Reimers som var Fiendar inn-paa Tile, drakk eit Glas i
Lag; Fru Gundersen og Fru Juel sat og var venlege,
endaa dei paa Tile var aabruige paa kvarandre; dei
skulde baae tvo vera hugtekne i Gundersen. Men den
svenske Operasongaren Arlberg sveiv ikring med
Don-Juan-Augo sine og det svarte Munnskjegge og rødde med
Damune. Alle Smaagjentur var hugtekne i Arlberg, men
mest Emilie Lund; ho var ør av Kjærleik til den byrge
Songaren. Paa Tile dundra Maskinistane og laga til
Slott, Fangehus, Fjellknausar; so tok Musiken til; so
ringde det paa ei Klokke; Kongar, Dronningar,
Draugar og Skjelmar för kvar til sin Kant; no galdt det; no
gjekk Duken upp; stakkars deim som hadde
Lampefeber.

Naar Fanny ikkje hadde noko aa gjera paa Tile sat
ho i Statistlosjen. Paa Teatre maatte ho vera kor som
var. Men no tok Haustnætane til. Naar Stykke var
slutt og Gasen sløkt, var det fælt aa vita at ein budde
øvst paa Hægdehaugen.

William hadde lova aa fylgje henne heim; men han
fekk ikkje Lov av Mor si til aa vera so seint ute. So
maatte Fanny hjelpe seg sjølv. I ville Vonløysa sette
ho av Stad gjenom Natti svart; upp alle dei audslege
Gatune; upp Parken, der Trei stod og skalv i
Lykte-ljose og feilte sitt Lauv; upp Uranienborgvegen, der det
tok til aa bli audslegt til Gangs; svartare og svartare
vart det, og lenger millom kvar Lykt; sistpaa skimta
ein berre ei Lykt her og ei der, einslegt og fjerlegt, som
Fyrtaarn i Natti. Fanny sprang og sprang; Kaldsvei-

137

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free