- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
138

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ten rann ned-etter Kinni hennar i Dropar, og Rædsla
gjekk henne som Isingar gjenom Haarrøtane. Vegen
var endelaus og vart meir og meir hustrin; det var
Uraad aa vita kva ho ved næste Hyrna kunde raake
paa. Uranienborgskogen var ein Rædselstad; der hadde
folk hengt seg; der øvdest Nattverk midt paa Dagen
. . . So kom den lange Myri, der ho alltid kjende seg
som forfylgd; sistpaa var ho uppi dei underlege
Krokvegane i den vestlege Forstaden. Det var ikkje Vegar.
Tronge søylutte Stigar var det, som krøkte seg fram
millom vanstelte Hagar og sovande Hus; ho hoppa fraa
Dipill til Dipill; i kvar Krok myrkna det fram Skugger
som kunde vera Folk ... eller um det kunde vera han
med dei uppspilte Augo — uh! ikkje tenkje paa det. . .
Ho vann ikkje meir, men sprang likevel; høyrde Stig,
Mæle, langt burte Rop; det ringde for Øyro; Hjarta
hamra henne heilt upp i Halsen; ho grét av Rædsle;
raadde seg kje sjølv.

Endeleg var ho heime. No var det Troppi. Ho gjekk
ikkje lenger; ho snaava, kravla, kraup; Hagen rundt
um var full av Skuggar og Skapnadar, som leda seg,
kom, trivla etter Føtane hennar . . . Gud fri oss, Unge,
korleis er det du kjem? skjelte ho Mor; er du fraa deg?
— aa, det var velsigna aa høyre Mor skjelle.

Men næste Kvelden gjekk ho i Teatre paa nytt. —

— Ein Dag ut-yvi Jol fekk Mor eit Brev som gjorde
henne glad. Aa Gudskjelov, sukka ho; aa Gudskjelov
...Aa Gudskjelov, Krulltoppen; tenk, no er Syster di
trulova. Nei er det kje rart, du?

Jaso . . . med ein fin Mann daa? spurde Fanny. Ja
daa, fin nok; og so hev han Pengar . . . Det er ein gild
Mann. Han er Byggmeistar og eig Bygardar i Mengd;
han hver berre av den Husleiga han tek inn; tenk det,
Fanny! Han eig Gardar baade her og der, Byen rundt.

138

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free