- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
142

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

henne. Nei naada! sagde ho Mor; kjære, er det so gromt
med’n Per og meg idag daa? — Du Mor, kviskra Fanny.

— Naa? Du vil vel ikkje ha ein ny Kjole att? — Fanny
gøymde seg ved Halsen til Mor si: eg hev visst vori leid
mot deg, Mor. — Du? Nei daa... Kjære deg, Barn,
kor kann du no finna paa det? — Jau; eg hev vori leid
mot deg, Mor. — Nei, nei; du er snild du, Krulltoppen;

— er det noko i Vegen no att? Du er so rar so. —Eg
vil alltid vera snild mot deg, Mor, kviskra Fanny ved
Halsen til Mor si. Ho Mor tok henne inn-aat seg og kysste
ho: vil du det, Barne mitt; ja eg veit du er snild . . . No
er det best du gjeng og legg deg, so du kann faa sova . . .
Ja, ja, Barne mitt; du er snild; eg veit det; Gudskjelov
for eg hev deg; eg er viss paa at eg fær meir Glede av deg
enn —. So ja. Ja daa; me er gode Vénir me; — no maa
du gaa og leggje deg. — Eg vil alltid vera snild mot deg,
Mor, forsikra Fanny; Mæle hennar var varmt som av
Graat. Med ein Gong drog ho seg burt i Kraai att-um
Sengi og tok til aa klæde av seg. Ho var eit Grand flat.
Ho Mor hadde ikkje vorti noko kløkkt yvi Hugvendingi
hennar.

— I det sette Böde var Holck skræmeleg. Han tala
um Reinleik i Tankar so Fanny skalv. Aa gjev han vilde
gjera det stutt. Uff, dette Høytreve . . . endaa det kunde
vel ikkje vera noko aa tala um no, slikt Barnetull som
det var; ho hadde vaksi fraa det no, vaksi fraa det; ho
kom aldri til aa tenkje paa slikt noko etter denne Dag
... aa, no maatte han vera ferdug. Men Pastor Holck
vart ikkje snart ferdug med den Saki. Logne og tunge
fall Ordi hans; lognare og lognare; tyngre og tyngre.
Likamen vaar skulde vera eit Tempel for Guds Ande;
me kunde daa vita kva det var for eit Heilagbrot aa
sulke til og skjemme ut dette Tempel og gjera det til
Bustad for den ureine Aand. Usælt det Menneskje som

142

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free