- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
146

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so kjem du til meg, høyrer du. — Ja. — Han kann
hava nok med —. Du skynar han maa ikkje . . . Han
kunde snart tykkje me vart brysame . . . Eg hadde inkje,
veit du; av meg hev han berre havt Utgiftir; du
sky-nar det kann snart bli for mykje . . . Han er ikkje so
rik som de trur. Og her gjeng eg berre og er sjukleg;
maa hava baade Kokkegjente og Stogugjente; og no hev
han funni paa dette med; det vert reint for mykje . . .
— Lea sat og rødde med seg sjølv; Fanny var ferdug
med Kakeskiva. Ja-ja, heldt Lea fram; me fær sjaa.
Du er stor og sterk, ser eg; du er heilt-upp vaksi; du
kann gjera Nytte for deg ... so lærer du sjølv med. Og
ho Mor hev vel alt lært deg eitt og anna? — Aa, ja. —
Du kan vel sy? — Ja . . . noko. — Hev ho ikkje lært deg
det til Gagns daa? — Nei... ho bryr seg ikkje so mykje
um at eg skal lære slikt. Eg gifter meg vel ikkje upp-i
slik Armod, segjer ho. — Gift—; Lea spilte Augo upp;
høyr paa Ungen! ... Ja men det tykkjer eg er rart av
Mor, heldt ho fram. Naa, ja-ja; so kann det turvast at
du lærer noko her daa. Du kan taka til i Kjøken; der
er alltid eitkvart aa gjera; eg skal tala med Kokka um
det; og so kann du hjelpe Stogugjenta ög med eitkvart;
du er snild og viljug vel? ja; — so fær me sjaa
etterkvart. Du hev visst godt av aa koma ut, du; det er slett
ikkje godt for ei Gjente som du aa gaa jamt og samt
heime hjaa Mor si. —

— Fanny vart Tenestgjente. Ho vaska upp for Kokka
og sopa Golve for Stogugjenta; ho maatte endaa gaa
Ærend og bera Ved. Utanpaa Kvardagskjolen sin fekk
ho eit stivt, grovt Arbeidsforklæde. Hendar og Armar
vart raude og sprokne. No skulde Kadett Horn sjaa
henne! — Alt det ho hadde lært av det fjorde Böd turvte
ho til aa logne seg med no, um ho skulde halde ut. Lea
freista aa knipe for ho i Matvegen au. Men det gjorde

146

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free