Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje stort; ved Midagsborde hadde Fanny Thorseng
aa halde seg til, og aat seg daa mett til Gagns beint for
Nasen paa Syster si. Det var fælt til Moro; aa, kor sint
Lea var. Et, Fanny! sagde Thorseng; ja Takk! svara
Fanny; ho tok for seg som ho var heime. Hm! kremta
Lea. Hm! svara Fanny og tok for seg endaa meir. Det
er rett sagde Thorseng; deg kann det bli Folk av! Lea
rengde Augo til Fanny og saag ut som ho vilde bite.
Men til Thorseng kunde ho inkje segja; og det var
løg-legt aa sjaa, kor ho maatte eta Sinne i seg. Naa dei var
ferduge, gjorde Fanny eit djupt Kniks for Syster si:
Takk for Maten, Lea!—Aah. — Det var greidt at
Lea gav vondt sidan um Dagen; men det hadde ikkje
stort paa seg. Det var Kjæleord og Vénskapsord mot
naar ho Mor skjelte; stakkars Lea, ho kunde ikkje bruke
Munn.
I Huse vanka Kjenningane til Thorseng og Kvinnfolki
deira; det var keidt Folk. Ingi Kunstnarar, ingi
Kadetter, inkje noko fint; berre Kaupmennar og
Mur-meistarar og slikt noko. Det var i heile Flokken berre
tvo som Fanny gav Gaum paa; den eine var fælt leid;
den andre umaateleg søt. Den søte var Systkenbarn til
Thorseng og heitte Kristian; den leide heitte Ryen og
var Tollar.
Ja Ryen var leid. Han gjekk her jamt dg; dei hev
visst ikkje svært mykje aa gjera der nede paa Tollbui?
meinte Fanny nasevist. Naa; Fanny skynar seg alt paa
Statens Sakir? lo Tollaren smiskande; han skulde
liksom vera so overlag galant. Pøh, Statens Sakir, blés
Fanny. Slik ein som han der skulde kanskje hava noko
med Statens Sakir aa gjera? aa nei; so taapi var ho
ikkje. Han forstod seg visst ikkje paa anna enn Mat,
han. I Kjøken gjekk han og blanda seg upp i alt; vilde
vita betre Greide enn baade Kokka og Lea, og stakk
147
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>