- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
149

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Augo. Det var ein Riddarsmann. Fanny var sjuk av
Kjærleik.

Ho hadde snart sitt Liv i aa gaa og vente paa han.
Naar han ringde paa Klokka — ho høyrde godt at det
var han —, var ho paa Timen ut-i Gangen og lét upp
for han. Ho gløymde Kjolen sin; ho gløymde Forklæde;
ho maatte faa sjaa han, — det same med alt. So kunde
det vel hende at han i ei god Stund fekk Augo paa henne
ög. Ein Mann som Kristian Thorseng saag ikkje paa
ein Kjole eller eit Forklæde; ikkje paa raude Hendar
dessmeir, og dei kunde ho dessutan gøyme; han vilde
sjaa paa henne sjølv! han vilde forstaa, at under denne
Lurvehamen var det løynt ein Skatt; det vilde vera klaart
for han med ein Gong, at den Gjenta der, ho høyrde ikkje
heime i Kjøken.

Goddag; er dei heime? spurde han paa sin faamælte
Maate og gjekk inn. Ho stod der med glinsande Augo
og heite Vangar; ho kunde mest ikkje faa Mæle upp;
ver so god, kviskra ho; — aa Gud! tru han hadde set
henne?

Um Sundagen kom han til Middag; daa hadde Fanny
den beste Kjolen sin og freista aa stikke seg fram. Ho
stod han til Møtes so hugtakande ho visste, med Føtane
ihop, med Armane upp-under Bringa, paa den søtaste
Dame Vis; dei store runde Augo blinka bønlegt og klokt
upp til han; og i sine Andlitsdrag lagde ho Ynde og Vit;
Goddag, nikka han; — du store Gud; tru han i Grunnen
hadde set henne?

Jau; no elska ho. Alt det andre hadde vore
Barne-tull. William Holter, Krambusveinen, Songaren Arlberg,
Kadett Horn, Gud-veit-kvenhelst, — alle ihop bleikna
dei burt or Hugen hennar som Stjernur um Morgonen.
For no var Soli uppe, Soli sjølv. No elska ho Kristian
Thorseng.

149

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free