- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
150

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aa; so var det daa so laga likevel, at ho skulde bli
ulykkelig. Ja det hadde ho alltid visst. Det var greidt
at den rike Kristian Thorseng ikkje gjekk av og tok ei
fatig Gjente, som gjekk fillut og fæl i ein Kjøk og vaska
upp . . . endaa kven veit; slikt hadde hendt; Kristian var
ædel; dei djupe Augo hans saag djupt. . . um ingin av dei
andre vilde taka ein Skatt som var gøymd under Fillur,
so gjorde nok han det. Ja daa vart det noko anna enn
aa gaa her og vera Tenestgjente; han tok henne heim
og klædde henne upp i Silke og Gull; og daa synte det
seg, at ho var den venaste Gjenta i Verdi; mykje venare
enn Lea; tilmed Føtane hennar var vene naar ho fekk

skikkelege Silkeskor — klask! pladask!–der laag ein

av Tekoppane til Lea i Golve att. Uff! nei; aldri i Verdi
heldt ho dette ut; aldri i Verdi. —

— Med ein Gong var Sogo ute; Kristian Thorseng hadde
trulova seg.

Fanny freista aa halde seg med Mod. Pytt; ho fekk
alltid den som var like so gild som Kristian. Ikkje vilde
ho gifte seg heller, for den Skuld. Kunsten skulde vera
Brudgomen hennar. Um han hadde komi og fritt til
henne, so vilde ho ikkje havt han dessmeir. Men det
hjelpte ikkje. Ho kunde ikkje faa Fred. Det var slik
ei Sliting og Suging for Bringa. Det einaste ho tenkte
paa var han; ho kunde ikkje lata vera aa tenkje paa
han; men det var so vondt aa tenkje paa han no; som
Verk og Brand kjendest det. Stundom gøymde ho seg
burt og grét. Det hjelpte, men berre for ei liti Stund.
Aa Gud, kvar skulde ho gjera av seg. Uff; var det soleis
ulykkeleg, so var det ikkje det Slag gildt.

Aa, kor Rett han hadde, Presten Holck: at denne
Verdi var berre Svik og Faafengd. Tenk, ho hadde ikkje
skyna det fyrr. Alt det me sette Hugen til her, det var
ikkje det Grande aa lite paa. Verdi var ein Taaredal,

150

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free