- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som Presten Holck sagde. Det var alt ihop som ein
glimande Skal med ingenting i, paa Lag som
Sodoms-eple. Jamvel det som ein bygde mest paa brast som ei
Saapeblaase. Aa Gud, som han hadde Rett. Heretter
vilde ho segja Verdi fraa seg reint. Berre Gud vilde ho
tenkje paa. Han var den einaste; den einaste som ikkje
svikta.

Ho fylgde Presten Holcks Raad og freista med Bøn.
Det hjelpte. Tenk kor hyggjelegt Kapellan Holck maatte
hava det upp-i det vesle kvite Huse med Tréi kring like
ved Kyrkja. Tenk so fredeleg og vent; utanfor Verdi
og Staake; aaleine med Gud og Blomane sine. Undrast
kor det kunde hava seg at han ikkje var gift? Kanskje
den han heldt av hadde narra han? Stakkars Holck;
stakkars Holck. Det var kannhende det som gjorde at
han var so sutefull ög; ja det var det, kunde ein vita.
Men det var ingi Sak for honom, som var slik ein sann
kristin; Fanny vilde ög bli sodan ein sann kristin som
han var. Det var ikkje lett, det kjende ho nok; alivist
vart det hardt aa forsaka Kunsten. Men ho fekk beda;
og so fekk ho faa Presten Holck til aa rettleide seg. Han
gjorde det visst, naar han forstod det var Aalvor. Og det
var Aalvor no; det var ho stød paa.

Fanny tok til aa vandre i ein ny Livnad. Ho bad
onnugt og las paa Leksune sine og vart ein svært glup
Konfirmant; undrast paa, um Presten Holck ansa ho.
Ender og daa sette ho seg fyri aa spyrja han um
eitkvart; men so torde ho ikkje. Ho fekk for det meste
Greide utan aa spyrja au. Og fekk ho ikkje rett Varme
i Bøni sine, so søkte ho Hjelp i aa tenkje paa Presten. —

— Konfirmasjonsdagen kom.

Det hadde vori slikt eit Mas med Konfirmasjonskjolen,
at Fanny hadde vorti mest verdsleg att. Paa sjølve
Konfirmasjonsmorgonen maatte Vaar herre tilgjeva henne;

151

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free