Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
mest um ei ung Brur. So kom det som var snart det
vigtigaste av alt: Hanskar. Nye fine svarte Hanskar.
Ho rette seg upp; kjende seg fin; heilt ut Dame. Med
roleg Annsemd paa Damegjerd knepte ho Hanskane
Knapp for Knapp, Knapp for Knapp ... ho hadde Moro
av at dei var tronge. No kunde dei kalla henne Frøken.
Frøken i fullt Aalvor! Frøken! Frøken Holmsen . . .
Til Slutt fekk ho Hatten paa seg. Det var ein svart
fin Fløyelshatt med Uppbrett paa den eine Sida og kvit
Fjør. Gud! som han klædde henne. Ho stod framfor
Spegilen og torde mest ikkje sjaa paa seg. Du slette
Tid; tenk um ho kom inn paa Teatertile ein Gong i slik
ein Bunad . . .
Ikkje Tanken av Skulegjenta var att. Ikkje Tanken
av anna enn Rikmannsdotteri. Jau uff; dei raude
Hen-dane. Men det gjekk snart av. So forunderleg lett og
fin som ho no var vorti. Saa nobel og fri og i Lag: —
«ah, Frøken Holmsen? det glæder mig at gjøre Deres
Bekjendtskab, Frøken Holmsen!» — Skulegjenta fraa
i-gaar hugsa ho ikkje. Det var ikkje ho det, den
Fille-tausi i den knestutte Kjolen; ish; tenk at Folk kunde
gaa soleis.
Ho Mor sat og saag p*aa sit Verk med ein stillsleg Smil.
Ja no er du fin, Krulltoppen! — Fanny fekk ein
brennande Hüg til aa kysse Mor si og takke for alt godt;
Graaten vilde upp; han hadde siti for Bringa heile Tidi.
Ho kysste Mor si au, og takka for alt godt; men ho maatte
gjera det vart, so Kjolen ikkje skulde skrukkast. Og
rolegt; for ho vilde ikkje graate no. Ho maatte vera ven
i Dag; daa visst til ho kom i Kyrkja.
Thorseng kom med Vogni og henta deim. Jau no
kunde gjerne Kadett Horn sjaa ho. Best som det var
hugsa ho Grete. Tenk, kor fin Grete maatte vera i Dag.
Tenk, Silkekjole. Og ei Frisørdame til aa setja upp
153
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>