- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Daa Sundagen kom, laut ho til Alters, endaa ho
kjende seg lite fyribudd. Ho kunde ikkje tenkje paa
anna enn den Trulovingi; det kjendest mest som det
der ög skulde ha stengt seg ei Dør. Ved Middagsborde
hjaa Lea gaadde ho, at Tollaren gjorde serskilt Krus
for ho Mor; naa; tenk um dei tvo kunde koma til Lags!
det vilde vera framifraa. Ho Mor var god til aa laga
Mat, og han var god til aa eta; og so kunde ho Mor
koma ut av Armodi og faa det rolegt og godt; og Fanny
kunde sleppe aa søkje Plass, og gaa til Fru Gundersen
og lesa Teaterstykke med same. Tenk, um Vaarherre
vilde laga det so vel for deim!

Jau; det kunde ikkje vera Tvil; Tollaren gjekk paa
Friarføter. Han var hyggjeleg mot Fanny au, som
rime-legt var; vilde han bli Far hennar, kunde han sagte
ikkje sleppe fraa det med mindre. Og ho skulde misann
telja godt for han ög, og endaa ho ikkje lika han. Stakkars
Mor; det kunde vera paa Tidi no, at ho fekk det lite
rolegt. Det var svært so rukkut som ho vart i seinare
Tid; det var nok ikkje for inginting lel, at ho tala so
mykje um Alderen sin.

— Kvardagsdagane kom att; Fanny laut ut og søkje
Postar paa nytt Lag.

Det var vonlaust. Huslærar kunde ho ikkje bli, daa
ho ikkje kunde framande Maal og Musik; skulde ein bli
Telegrafist, so maatte ein ha lært ei heil Mengd; og
alle andre Postar var det ei Rift um, so det var
skræmelegt. Til Nytte og Hyggje i Huse vilde Fruine
dessutan ikkje hava henne, av di ho var so ung; Gud
veit no elles kva det skulde gjera. So var det ikkje
anna aa tenkje paa enn Krambupostar. Uff; so snart
ein kom attum ein Disk, so miste ein Frøken-Namne og
vart Jomfru; men det fekk vera det same; Fanny søkte
Krambupostar likevel. Men her ög var ho for ung. Eit

158

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free