Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Par Stadir kunde ho faa vera, um ho vilde gaa forutan
Løn eit halvt Aar eller so; men det var nettupp det,
Fanny no for tidi ikkje kunde.
Ho gjekk endaa lenger ned; søkte liketil
Barnegjente-Teneste; det fekk vera det same med alt, berre ho fekk
so vidt at ho ikkje turvte liggje nokon til Tyngsle. Men
det var ingin som torde tiltru henne aa passe Born
heller. Dag etter Dag gjekk; Utsynine stengde seg meir
og meir; Hügen veikna og Mode seig; heile Dagar laag
ho heime i Sofaen og grét og var hugsprengd. Ho totte
ho var uppgjevi av Gud og Mann; ingin hadde Bruk for
henne; ingin vilde vita av henne. Kva skulde ho gjera;
kva skulde ho finne paa. Kvi var ho komi til Verdi,
tru, naar der ikkje var Rom aat henne?
Berre ein var det som hugsa henne endaa; det var
William. Mor kom sin Dag utpaa Morgonen inn fraa
Kjøken med eit opi Brev: sjaa her, Fanny; kjenner du
noko til dette? — Fanny saag paa Breve og vart raud.
«Kjære Fanny . . . Om du har glemt mig, saa har ikke
jeg glemt dig. . . Mød mig ved Trefoldighetskirken i
Aften Klokken halv otte. Din William». . . —. Kva det
var for noko? spurde ho Mor kvast. Inkjenoko, sagde
Fanny. Er det inkjenoko? Det er ikkje likt til dess?
Det er berre noko Narreskap fraa Skulen, svara Fanny.
Ja so, sagde ho Mor; men slikt Narreskap skal me ikkje
hava noko av no, forstend du. Heretter les eg alle Brev
som kjem til deg; og denne Gutungen her... ja han
skal raake den i Kveld som kann gjeva han Svar; det
lovar eg han! — Aa nei, Mor; kan ikkje det vera; han
meiner visst ikkje noko vondt med det. — Bed du for
han ög? Det er nok best eg held skikkeleg Uppsyn
med deg, Mor mi. Det er ikkje so endefram i Verdi
som du trur, skal eg segja deg; sjaa paa Tom . . . Jau,
han skal faa paa Nasen, den Kvelpen, so han ikkje skal
159
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>