Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
koma der meir! Slik ein Gutunge! — Fanny torde ikkje
segja meir. Um Kvelden var Mor i Byen. Ho kom heim
att og saag fornøgd ut; no tenkjer eg du er trygg for
den Friaren, sagde ho.
— Med Hjelp av Thorseng fekk Fanny Plass for
Jole-tidi paa Vollmanns Basar. Ho skulde vera der i
halvannan Maanad. Og for den Tidi skulde ho hava ei Løn
paa seks Spesidalar.
Fanny kunde ikkje løyne at ho var byrg, daa ho for
Mor si nemnde denne Stimen. Seks Dalar —; og det
for so stutt ei Tid som halvannan Maanad! Ho hadde
ikkje trutt at det kunde vera so lett aa tene Pengar,
sagde ho. Det harma henne, at ho Mor ikkje syntest bli
forundra. Men det var no so med ho Mor; det var aldri
noko som skulde vera godt nok aat henne.
Seks Dalar ... alt ho turvte kunde ho faa for deim;
og so vilde det endaa bli att noko. Du store Tid! So
snart ho var ferdug hjaa Vollmann, gjekk ho til Fru
Gundersen. Paa Timen og Stundi. Ikkje ein Dag vilde
ho spille. Paa Teatre var Rom for ho, Gudskjelov; paa
Teatre var Rome hennar; Direktør Josephson hadde
endaa beintfram ynskt henne «valkommen åter». Aa,
Gudskjelov; aa, Gudskjelov; det jamna seg nok; det
var styvelegt av ho, at ho alltid so snart vart modlaus.
— Ho stod paa Vollmanns Basar fraa Klokka aatte
um Morgonen til seint paa Kvelden. Det var annsamt i
Krambui og mykje Uhug. Fanny var ny og kunde
ikkje noko; mest alt ho gjorde var gali; og so vart det
Grining jamt. Dei var fælt leide, desse Krambu-Damune.
Det stod Uhug av deim paa alle kantar; dei var grettne
med Ryggen, med Nakken, med Enden; Aalbogane
skjelte med rykkjande Rørslur mest høgt. Eller ho fekk
det som ei Rangøygning fraa Sida, ei Skjekkjing med
Munnen, ei Krulling paa Nasen; kvar Gong ho gjekk
160
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>