- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
161

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

framum deim, fekk ho gjenom skeive Munnvikir
harmelege Ord —: ish! — Jaala! — Tossa — Kva er det for
Slag; De er daa reint ubrukeleg! -— Aldri nokor Stund
kunde ein vera trygg.

Upplagsromi gjekk gjenom tvo Høgdir. Dei smaae
Omnane kunde ikkje klara aa verme upp dei vide Romi;
og der var sterk Trekk, daa Dørine gjekk beint ut til
Gata. Fanny var tunt underklædd; Yvi-ty var det ikkje
rødande um, daa ei Butikjomfru maatte vera nett; so
gjekk ho heile Dagen og smaafraus. Til Middag vann
ho ikkje heim. Ho laut lite seg med dei Par
Kake-skivune som Mor gav henne med um Morgonen; dei aat
ho upp paa Troppi til Vor Frelsers Kyrkje. Det var
Novembervér; midt imillom Snøslaps og Regn; Skodda
hekk heilt ned-yvi Husveggine; surt og kaldt blés det;
Fanny fraus og laut berre skunde seg aat Krambui att.

Ho vart krimsjuk og tok til aa hoste; det arga dei seg
ög for, Krambufolki. Uff! — ish! — Ein kann bli galin
av denne Turrhosten! — Er De tinga hit til aa gjera
Musik De? — Uff, kann De ikkje lata vera med den
Gøyingi? — Nei men De fær faa Dykk noko
Hoste-dropar, Holmsen! — Hu nei; her var ikkje hugsamt. Og
so aa gaa og sjaa paa Kaupar lyden; desse sæle Folk som
hadde Pengar, og Dagen fri, og kunde gaa i Buine og
forsyne seg med Jolestas; og alle desse fine Damur i
Silke og Skinn som kom og sette heile Bui paa Ende;
kaupte kannhende ingin Ting, men gjekk att og bad
ikkje um Orsaking . . . jau; soleis var det aa vera fin
Dame. Og kaupte dei so mykje som ein
Forundrings-pakke, maatte det bli sendt heim til deim; sjølve kunde
dei daa ikkje bera noko. Og Gud, so høfleg ein maatte
vera mot deim! Smeikje for deim maatte ein og gaa
deim under Augo liksom dei var Prinsessur; kanskje
var ein i Lag til aa knasa Flintestein; men endaa laut

11 — Garborg II.

161

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0163.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free