Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Armodi med same. No vonar eg du hugsar det du hev
lova meg, Barne mitt ... og so kann det bli andre som
maa staa ved Disken og vera Tenarar for deg heretter!
Versogod, Krulltoppen. Les det Breve ... og so vonar
eg, at du er vitug!
Det var Friarbrev. Dauden i Lybekk søkte i
prydelege Ordlag um Frøken Holmsens Hand.
Fanny storlo. Men kjære deg, Mor, det er deg, han
hev gjort Krus for! Tak han du, tak han du; ha-ha-ha;
eg skal visst ikkje staa deg i Vegen!
Ho Mor tvinga seg. Ho tok til med Fyriteljingar for
Fanny, og ho slutta med Bønir. Hugsar du kor mange
Gongir du hev lova aa vera snild mot Mor di du,
Krull-toppen min? sagde ho. Hugsar du daa du var liti, og
lova Mor ein stor, glid Ruggestol, slik som den
Bestemor Lehmann hadde ... og so skulde eg ikkje turve sy;
eg skulde berre sitja og rugge meg all Dagen og drikke
Kaffi og eta Kveitebrød; hugsar du det? Aa, eg veit
du vil vera snild mot Mor di du, Krulltoppen; det er
ikkje lengi sidan du lova det heller, veit du; og daa
sagde eg: ja, eg veit, at eg fær meir Glede av deg enn
av dei andre; hugsar du det? Og so veit du kva du lova
Presten ... at du skulde vera lydig mot Gud; og Gud,
veit du, vil at du skal vera lydig mot Mor di ... Han
vil ikkje du skal liggje til Tyngsle for ei fatig Mor, naar
du kann gjera det godt for henne i hennar Alderdom;
eg hev sliti vondt nok eg, kann du tru. Og det var for
di Skuld det, Krulltoppen; mest for di Skuld; for at du
skulde faa vera hjaa ho Mor og ikkje turve flakka um
hjaa Framande; aa, eg hadde aldri herdt det elles; aldri
i Verdi hadde eg herdt det; du veit ikkje kva eg hev ...
kva eg hev havt aa staa i for di Skuld; og no er det
berre deg eg hev aa lite paa ög. Berre deg. Lea ho er
no paa si Vis, veit du; og den andre, han ... Du bryr
164
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>