Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
henne? Jøss! slikt eit gildt Gifte som ho var? Og so
skulde ho Mor træle, til dess Frøkni fann seg eit
Pannekake-Andlit slikt som ho vilde ha det? Det var det
same, um Mor sleit seg ihel, berre Frøkni kunde faa fat
paa ein Fyr med eit godt Kyssety .. .
Fanny kraup til Slutt i Seng. Der gøymde ho seg
under den gamle Dyna og grét til ho somna.
Næste Morgonen fekk ho ikkje Kaffi. Du fær ta’ det
som du vil ha det, meinte Mor.
Daa ho kom heim til Middags, fekk ho ei Skaal med
Graut. Det er tomt Hus her, sagde ho Mor; men du hev
vel Forsyning sjølv, du?
Morgonen etter fekk ho Brød utan Smør; du fær laga
Munnen etter Skreppa, sagde ho Mor. Fanny reiste seg
og gjekk; Graaten vilde taka Magti. Men ho laut tvinge
seg for Krambui Skuld; ho kunde ikkje koma dit med
raudgraatne Augo. Utpaa Fyrimiddagen var det som ho
skulde utvita av Svolt; ho bad seg fri for ein Times Tid
og sjaka upp i Ullevollsvegengen til Lea. Her bad ho um
Mat. Eg veit ikkje köss det er laga, sagde ho; men eg
vart so braasvolti og rar. Lea saag paa henne; syntest
vilja segja noko, men lét det vera; gav so Bod i Kjøken
etter eit Glas Mjølk og tri Brødskivur. Fanny reiv i seg
Maten djerv som eit Dyr, og saag seg ikring som etter
meir... Naa, sagde Lea; eg høyr er at du kjem deg?
— Kjem meg? spurte Fanny. Ja; er det ikkje so at du
kann bli hjelpt og berga for Livetidi, men tykkjer du
hev Raad til aa vise Tilbode fraa deg? Eller kannhende
det er Folke ditt, du liter paa? — Fanny reis upp og
gjekk. Takk for Maten Lea, sagde ho i Døri med strøypt
Mæle.
Ho heldt ut i Krambui dei Dagane ho hadde att. Ho
vilde ha sine seks Dalar usprette. So kunde ho Mor faa
deim. Ho gjekk i Bui og hekk, svolti og leid; Hosten
166
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>