- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
169

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fanny kunde faa; det var hjaa Bakar Schulze i
Karl-Johans-Gata. Fanny treiv til med baae Hendene. Kva
gjorde det, um ho vart Bakarjomfru? Um eit Aar vilde
ho eige fire og tjuge Dalar. So gjekk ho til Fru
Gundersen; og so til Teatre; og naar ho kom dit vilde alt
gamalt vera gløymt.

Fanny skulde hjelpe til i Kakebui; elles skulde ho,
naar det var Tid, vera til Hjelp i Huse. Ho vart halvt
Bakarjomfru og halvt Tenestgjente; fekk det annsamt,
men godt. Rom og Seng hadde ho ihop med Jomfru
Vold, som stod saman med henne i Kakebui.

Klokka seks um Morgonen skulde dei upp. Ei Gjente
vekte; var ein ikkje paa Føtane um fem Minuttar, kom
tjukke Schulze i berre Skjorta lynande sint, og banna
paa Norskt og Tyskt so det lyste ikring deim: Klokka
var Mittag! Arbeidsdagen vart lang; men det gjorde
ikkje noko; det var all Tidi so livlegt. Jomfru Vold var
hugsam og snild. Ho lærde Fanny aa stela Kakur; dei
hadde Lov til det, sagde Jomfru Vold; og det sagde seg
sjølv at ein burde halde seg til dei finaste. Fanny livde
høgt paa Natekakur, Rumkakur, brunsteikte Mandlar; var
det ikkje fleire att, so tinga dei hjaa Sveinane. Hjaa
deim var det aldri nei; «javel, javel, Jomfru,» blinka
Meistarsveinen; «hvi skulde vi ikke forsøde hverandre
Livet;

her i Verden må man lukke

tit det ene Øie til!»

Fanny aat godt i det heile. Fru Schulze, ei liti
triv-leg, brunøgd Sørtyske, sint som Krut men snild, skjelte
paa ho for ho aat so schrechlich, men rette alltid Fate
til henne paanytt; spis, min Barn, spis, min Barn! —
Gamle Schulze studde attaat. «Naar Mutter siger spis,
min Barn, so kann du spise trigt!» paastod han. Fanny
aat. Og ho blømde og vart feit, fekk heiltupp Tvihoku.

169

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free