Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
me kjem med opne Armar, so heiter det: uh!! —■ uff
da!! — «Det gaar da ikke an aa danse med en Melsekk
likevel!» — «En Pige som vil danse, danser med
Krohg-støtta.
Nei intet på Jorden kan lignes ved et Bal;
en Pige som danser, hun virker i sit Kald . . .»
Aa ja; kva er Kvinna? Kvinna er det siste og største
Fantestykke Vaarherre gjorde, segjer Diktaren. — Kva
er Mannen daa? — Mannen er anten gift eller ugift, anten
raka eller uraka, anten fastande eller full; aa ja!
Kva er Live? Kva er Menneskja? Was sind wir
Men-schen, sagte der Wallfisch ... Ei Jomfru spyrr um meir
enn tie Meistersveinar kann svara paa. Gakk til
Shakespeare. Kva segjer Shakespeare? Kvinne! ditt Namn er
Svik; Mann! ditt namn er Lars . . . Den Shakespeare var
ingin Tullebukk!
Meistarsveinen hadde ein Gong fari ikring med eit
dansk Sködespélar-Lag; sidan var han halv Komediant
og sprakk mest av Vers og Hermestev. Vrengjur dreiv
han helst med. Han song Tragedievers av Øhlenschläger
til Tonar av Offenbach —:
saa est du nu da skrinlagt, Haakon Jarl,
f allira;
du varst en nordisk og en sjelden helt,
f allira!»
og hadde Moro av aa gjera dei fagraste Vers um til Vas;
som han for aat med Andersens «Døende Barn», det var
til aa graate av:
«Rødt og grønt og gult for Øiet svæver;
det er Sedler, Norges Bank utstrør;
Moder, faar jeg penger mens du lever,
eller Moder, faar jeg, naar du dør?»
171
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>