- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
172

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men ein kunde ikkje bli sint paa han kor mykje han
tøvde; for han var so lettliva.

Stundom fekk Fanny Jomfru Vold med seg paa Gata
ved Midnattsbil; Portlykill laante ho av Sveinane. Dei
tvo Gjentune dreiv upp og ned millom Storthinge og
Universitete; drøste og lo og var uppsette paa
Gape-stykkje; Fanny var Fyrigangsmann. Ho narra desse
toskute Fyrane til aa snakke til seg; svara deim
nasevist, vyrdlaust, løglegt; letst som ho vilde gaa med deim
og heldt deim so for Narr; ein Gong vaaga dei seg paa
Gata i Guteklæde og letst vera Karar. «Pst! pst!» —
Det drygde ikkje lengi fyrr dei fekk fat paa eit par
Gjentur; deim gav dei seg hugheilt i Lag med. Det
gjekk herlegt. Men sistpaa vart det lite leidt. Den
Gjenta Fanny hadde fengi fat paa vilde endeleg hava
Fyren sin med seg; ho kjende han; «var det kanskje
ikke dej je var sammen med paa Fredriksberg den
Gangen? — Fanten; vil du gaa fra det nu? Nei vet du
hva du; je kjenner dej nok»; ho slo Armane kring Halsen
hans og vilde kysse’n. «Det er det samre om du ikke
har Pengar,» kviskra ho, «du som er saa pen!» Fanny
vart reint forstøkt; ho sleit seg ifraa henne og rømde.
Jomfru Vold kom springande etter; skjelvande og med
tilgjord Knising snikte dei seg upp Troppi. Dei vaaga
seg ikkje ut paa den Haalka meir. —

I Kakebui kom det mest Damur. Fanny gjekk og
lydde med lange Øyro; kannhende kunde ein her lære
fin Konversasjon. Men det var ikkje stort ho kunde
høyre. Det vart halvkviskra um «han» og stundom
«hun»; eldre Damur tala um Pastor Løchen; Fruine
rødde med kvarandre um Prisar, Kjolety, Tenestegjentur;
det var som hjaa Thorseng paa Lag, naar der var Gilde.
Kjenningar saag Fanny stundom; ho ynskte seg i Jordi,
men laut varte deim upp likevel. «Takk, Jomfru; faar

172

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free