Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vi litt Melk; og saa kanske —. Nei men kjære.. .det
er da vel ikke Fanny?»
Dei fleste vart ulidande og tok til aa smaäminke seg;
berre süme var som fyrr. Grete Magnesen vart heller
brydd, daa ho saag at ho kjende Bakarjomfrui. Men ho
kom seg, daa ho fekk nærare Greide. Eg skulde somenn
ög gjerne vera Bakarjomfru ei Tid, sagde ho; so fekk
eg Høve til aa sjaa Live! — Ja det er mykje for det,
at eg er her, sagde Fanny; du kann skyna...naar ein
skal bli Kunstnar, so maa ein ha set noko av kvart. —
Ja du kann daa skyna det. Elles hev eg gjevi upp
Teatre eg; men ein Forfattar bør ög kjenne til Live. —
Kva? — Forf . . . Vil du bli —? Fanny kunde ikkje ha
høyrt rett. — Jau; eg tenkjer paa det. Og med Tidi .. .
litegrand Dikting kanskje! — Jaso! Fanny var mest
forstøkt. Kunde eit vanlegt Menneskje tenke so høgt?
Ein Dag kom Fru Kahrs inn paa Kakebui; ho hadde
ög vorti Kristianiamei neskje. Fanny vart underleg glad
og kløkkt. Men stakkars Fru Kahrs, som ho hadde vorti
gamall. Haare hennar var reint graat, og det lange,
fine Andlite magert og sjuklegt. Høyr, Gjenta mi, sagde
ho — aa, kor Fanny kjende att dette stille Mæle! —;
det var eit Glas Mjølk og eit Par Kveitebrød, Fru Karbs
bad um. Vyrdsamt og med raudnande Kinn sette Fanny
fram det som kravt var; ho hadde valt ut dei finaste
Stykki ho kunde finne. Fru Kahrs saag paa henne: nei,
men kjære . . . det er daa vel ikkje Fanny? — Jaui
Frue; tenk, at De kunde kjenne meg att. — Nei, nei,
nei; er det Fanny. Nei! er det Fanny, som hev vorti
so stor. Krulltoppen — ja? var det ikkje so, me kalla
deg? Nei, nei, nei. Ja det var i dei Dagane, det. Nei
men tenk, at du hev vorti so stor. Og du hev det godt?
Ja, eg kann sjaa det. Nei men kor hev du havt det daa,
Gjenta mi? Korleis hev det gjengi deg i alle desse
173
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>